Løyve til fjerning av forureina massar i Kristiansund

Fylkesmannen gjev Stena Recycling AS løyve til utskifting av massar ved Dale på Nordlandet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.09.2016

Stena Recycling avsluttar leigeavtalen sin på eigedomen med gnr. 31 bnr. 3, og ynskjer i den samanhengen å fjerne om lag 200 m3 med forureina massar ved anlegget. Massane som skal fjernast er sterkt forureina, og vil bli transportert til eit godkjent mottaksanlegg.

Vedtaket kan klagast inn til Miljødirektoratet innan 3 veker etter at løyvet vart gjeve. Ein eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 MOLDE. Sjå relaterte dokument til høgre på sida.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.