Løyve til tiltak i Gjerdsvika

Fylkesmannen gjev Kystverket løyve til mudring og deponering i Sande kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.05.2017

Dei skal mudre om lag 202 000 m3 over eit areal på om lag 60 000 m2 på innsida av moloen slik at hamnebassenget blir betre tilpassa større fartøy. Tiltaket omfattar også sprenging på utsida av moloen, der sjøbotnen er hardare. Ein mindre del av muddermassane er forureina, og desse skal plasserast i eit strandkantdeponi på sørsida av vika. Tiltaket er venta å ta om lag eitt år å gjennomføre, men oppstartsdatoen er framleis ikkje avgjort.

Vedtaket kan klagast inn til Miljødirektoratet innan 3 veker etter at løyvet vart gitt. Ein eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 MOLDE. Sjå relaterte dokument til høgre på sida. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.