Tine Ålesund - endring av utsleppsløyve

Tine SA avd. Ålesund har den 5. desemeber 2017 fått endra utsleppsløyvet frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal for anlegget sitt i Ålesund.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.12.2017

Endringa gjeld produksjonsmengder. Samstundes har dei fått utsett fristen for å nå utsleppsverdiane som er sett for utslepp til sjø/kommunalt nett.

Kopi av løyvet og innsyn i saksdokumenta kan ein sjå ved å følgje lenkja til høgre på sida. Vedtaket om endringar i løyvet kan klagast inn for Miljødirektoratet innan 3 veker. Ei eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.