No er grundig reinhald av vegar ekstra viktig
Luftforureining har mange skadelege effektar på helsa vår. Om ein reduserer mengda støv i lufta, vil det bidra til mindre luftvegsinfeksjonar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
– Vi går no inn i ein periode der vi ventar at det vil bli ei auke i slike infeksjonar bl.a. som følgje av koronavirus. Difor er det viktig å sørge for at nivåa av forureining i lufta blir lave framover, seier fylkeslege Karin Müller Mikaelsen.
Ho fortel at vegstøv er ei stor kjelde til skadelege partiklar i lufta. Vedfyring, eksos og industriutslepp gir også dårleg luftkvalitet.
Gir betennelsesreaksjoner i luftvegane
Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen seier at støvpartiklar har vist seg å gi bl.a. betennelsesreaksjonar i luftvegane og negative effektar på hjarte- og karsystemet i kroppen.
– Om konsentrasjonen er høg, får ein skadelege effektar også om ein er utsett for forureininga berre i kort tid.
Fylkeslegen seier at personar som har pådratt seg ein lungesjukdom, eksempelvis som følge av svevestøv, er meir utsett dersom dei får ein infeksjon.
– COVID-19 kan medføre alvorlege lungebetennelsar, så problemstillinga er særleg aktuell under pandemien. Som samfunn må vi ha ein langsiktig folkehelsestrategi som sørgjer for at belastninga med svevestøv og anna luftforureining er så låg som mogleg.
Virvlar opp gamalt støv
Erfaringar gjort over mange år i Trondheim viser at reinhald og støvdemping av vegar er det mest effektive tiltaket for å få rein luft.
– Førebyggande reinhald er viktig, og tiltaka må utførast gjennom heile året. Hovudproblemet er oppvirvling av gamalt støv. Difor er det er avgjerande at restar av strøsand og støv som har blitt liggande, blir fjerna så snart som råd både langs vegbaner, gangvegar og fortau, seier fagleiar for forureining hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Christian Dahl.
Dahl fortel at desse tiltaka er ekstra viktig i vinterhalvåret når bruk av piggdekk og strøsand gjer at det blir danna meir støv.
Statsforvaltaren oppmodar alle kommunane, fylkeskommunen og Statens vegvesen om å gjere ein ekstra innsats framover for å bidra til så rein luft som mogleg.
Forureining og svevestøv
Informasjon om forureiningsnivå i lufta i Noreg, finn ein på Miljødirektoratet sin side "Luftkvalitet i Norge". Les meir her ...
Ein finn både målte verdiar og berekna verdiar av ulike komponentar i forureina luft.
Folkehelseinstituttet har utfyllande informasjon om helseeffektar av svevestøv på sine nettsider. Les meir her ...
Kontaktpersonar
Forureining og svevestøv
Informasjon om forureiningsnivå i lufta i Noreg, finn ein på Miljødirektoratet sin side "Luftkvalitet i Norge".
Les meir her ...
Ein finn både målte verdiar og berekna verdiar av ulike komponentar i forureina luft.
Folkehelseinstituttet har utfyllande informasjon om helseeffektar av svevestøv på sine nettsider.
Les meir her ...