Ta vare på sjeldne fuglar i kulturlandskapet
Fleire fugleartar som hekkar i jordbrukslandskapet er i tilbakegang. Dette gjeld mellom anna åkerrikse, storspove og vipe. Ved å utsette slåtten der fuglane hekkar, bidreg ein til å ta vare på desse artane.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fleire av fugleartane som før var vanlege i jordbrukslandskapet er i sterk tilbakegang. Dette gjeld både storspoven og vipa. Åkerriksa har vore sjeldsynt i mange år og er no kritisk trua. Tilbakegangen har fleire årsaker, men ein viktig grunn er at reir og ungar vert skadde under slåtten.
Vi oppmodar til at alle er på utkik og ser og lyttar etter fugl på markane rundt i fylket. Alle kan engasjere seg i dette. Bonden kan ta kontakt med kommunen, og andre kan kontakte bonden som driv areala, kommunen eller Statsforvaltaren si miljøvernavdeling.
Den som har hekkande vipe, storspove eller åkerrikse i enga si, kan få støtte over Regionalt miljøprogram dersom ein har inngått avtale med Statsforvaltaren om utsett slått. Ta kontakt straks hekking blir oppdaga.
Vilkår for tilskotet er:
- Grunnvilkåra for Regionale miljøtilskot er oppfylte
- Hekkinga vert stadfesta av Statsforvaltaren etter t.d. rapport frå grunneigar eller annan med god kunnskap
- Slåtten av eit areal omkring reiret vert utsett til etter 1. august
- Tiltaket vert avtalt på førehand
- Statsforvaltaren fastset storleiken på arealet
Åkerrikse er vanskelig å oppdage, fordi den ofte ikkje lettar, om du kjem nær. I staden gøymer den seg i graset. Du kan høyre den karakteristiske lyden av åkerrikse om kvelden og natta og ut over morgonen - nesten som når du dreg tommelfingernaglen over ein kam.
Vipa er karakterisktisk og lettare å få auge på, der den trippar langs kanten av enga eller flyg over markene. Den ser etter opne område, som er rike på meitemark og insekt.
Vipe
Storspove er den største vadefuglen vår, og vert rekna som kulturlandskapet sin fugl, men trivst også på lyngheier, myrer og strandenger. Lyden av storspove er for mange lyden av vår.
Storspove