Færre søknader om rovviltskadeerstatning i Møre og Romsdal i 2019
Dei førebelse søkartala viser at færre har søkt om erstatning for rovviltskade på sau etter årets beitesesong, men at dei samla tapa ikkje har gått ned.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen har ved søknadsfristen 1. november mottatt 56 søknader om erstatning for 1231 sau og lam drept av freda rovvilt i 2019.
Dei førebelse søkartala viser at tapsomfanget har stabilisert seg på om lag same nivå dei siste fem beitesesongane.Tala er ikkje heilt samanliknbare med tala frå tidlegare år, då Rindal kommune i år er ein del av Trøndelag fylke, og tapstala for kommunen ikkje er med i statistikken for Møre og Romsdal for 2019.
Dei største krava kjem frå Norddal og Rauma, og er i all hovudsak knytt til tap til jerv på fjellbeite.
Dei førebelse tala syner at det er søkt om erstatning for jerveskade på 1010 sau og lam, noko som er på same nivå som fjor. Det er imidlertid stor variasjon mellom kommunane. Dei siste åra har vi registrert ein auke i tapa til jerv i Norddal og i Trollheimen.
Erstatningskravet knytt til gaupe er på 162 dyr noko som er vesentleg lågare enn i 2018, medan 59 dyr er knytt til kongeørnskade.
Fordelinga av erstatningskravet på dei ulike rovviltartane er gjort av saueeigarane ved innsending av søknad om erstatning for tap til rovvilt. Søknadene om erstatning vil som utgangspunkt bli handsama før årsskiftet.
Figuren viser korleis dei omsøkte tapa i 2019 fordelar seg mellom beitekommunane.