Forvaltningsplanar for 6 naturreservat
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har godkjent forvaltningsplanar for naturreservata Hustadbukta, Langøyvågen og Farstadbukta i Fræna kommune, Nauste i Nesset kommune og Hensøran i Rauma kommune, samt Vågstranda plantefredingsområde i Rauma kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Alle områda vart verna i 2002 som ein del av verneplan for havstrand og elveos i Møre og Romsdal.
Dei godkjente forvaltningsplanane fastset mål for verneverdiane og brukarinteressene i området. Vidare viser planane korleis verneforskriftene skal tolkast og praktiserast, samt prioriterer tiltak som skjøtsel, restaurering, overvaking og informasjon.
Planane er tilgjengeleg i elektronisk form under Publikasjonar på heimesida vår.