Grensejusteringar i Møre og Romsdal
Svar på innbyggarundersøkingar og høyringsbrev ut til kommunane.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen har motteke resultatet av innbyggarundersøkingane som er gjennomført i samband med utgreiingane av 5 grensejusteringssøknader i Møre og Romsdal. Områda det gjeld er:
- Liabygda i Stranda kommune
- Bjørke og Viddal i Ørsta kommune
- Norddal og Eidsdal i Norddal kommune
- Angvik, Flemma, Fagerlia og Øye/Heggem i Gjemnes kommune
- Sandøy, Ona, Orten, Seterøya, Gåsøya og Lyngværet i Sandøy kommune
Faktainformasjonen som fylkesmannen har samla inn i samband med utgreiingane vert no sendt ut saman med eit høyringsbrev der partane skal uttale seg i saka. Høyringspartar er involverte kommunar, Møre og Romsdal fylkeskommune og Kartverket.
Høyringsfristen er sett til først i mars, og fylkesmannen skal ha sluttmøte med partane i saka i veke 12. Fylkesmannen legg så fram si tilråding av utgreiingane på ein pressekonferanse 23. mars 2018, og sender så tilrådingane til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for vidare saksbehandling og endeleg vedtak.
Oppdraget med grensejusteringsarbeidet er gitt av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, på bakgrunn av oversendte innbyggerinitiativ og departementets eigne vurderingar.
Kontaktpersonar
Dokument
- Rapport grensejustering - januar 2018.pdf
- Liabygda - høyringsbrev 07.02. 2018.pdf
- vedlegg til høyringsbrev - Liabygda.pdf
- Bjørke, Viddal - høyringsbrev 07.02. 2018.pdf
- vedlegg til høyringsbrev - Bjørke, Viddal.pdf
- Sandøy, Ona, Orten m.fl. høyringsbrev 07.06.2018.pdf
- vedlegg til høyringsbrev - Sandøy_Ona_Orten m. fl.pdf
- Norddal -Eidsdal - høyringsbrev 07.02. 2018.pdf
- vedlegg til høyringsbrev - Norddal og Eidsdal.pdf
- Indre Gjemnes - høyringsbrev 07.02. 2018.pdf
- vedlegg til høyringsbrev - Indre Gjemnes.pdf