Presseinvitasjon: Markering av forsterka ekom i Sandøy kommune
Tirsdag 3. mai 2016 vil Fylkesmannen i Møre og Romsdal i samarbeid med Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom), gjennomføre ei markering av at Sandøy kommune no er utstyrt med «forsterka ekom».
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 26.04.2016
Statssekretær i Samferdselsdepartementet Reynir Jòhannesson, vil saman med fylkesmann Lodve Solholm, stå for den offisielle markeringa.
I tillegg deltar representantar frå leiinga i Sandøy kommune, DSB, Telenor Norge AS, Telia AS, ICE Norge AS og Norkring AS.
Kontaktpersonar
-
Stine Sætre
Tlf: 71 25 84 85 / 95 22 44 19