Utnemd til første kvinnelege fylkesmann i Møre og Romsdal

Else-May Botten er i statsråd i dag 26. oktober 2018, utnemnd til fylkesmann i Møre og Romsdal. Ho vil tiltre stillinga i 2021. Else-May Botten er 45 år gamal og har vore stortingsrepresentant sidan 2009.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.10.2018

I tillegg til Else-May Botten blei også Bent Høie utnemd til fylkesmann i Rogaland og Tom Cato Karlsen i Nordland.

- Vi får med på laget tre dyktige personer med spennende og variert bakgrunn, sier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Else-May Botten er stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet. Ho har gjennomført studier ved Høgskolen i Molde, Universitetet i Bergen og ved Høgskolen i Vestfold. Botten har fra 2009 vore stortingsrepresentant for Ap og vil være det fram til oktober 2021. Botten har frå 2003 hatt ulike verv i Ap.

På Stortinget har Botten vore medlem i næringskomiteen, vore fraksjonsleiar i Aps stortingsgruppe og er no medlem av energi- og miljøkomiteen. Hun har også vore leiar for studieforbundet AOF i Møre og Romsdal og hatt ulike styreverv.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Lenkjer