Pressemelding

Private barnehagar har brukt tilskot i strid med lova

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.12.2018

Ålesund kommune ber private barnehagar om å betale tilbake offentleg tilskot fordi dei meiner at midlane ikkje er brukt til barnehageformål og dermed ikkje kjem borna i barnehagen til gode slik barnehagelova krev. Dette klager dei private barnehagane på.

I alle dei 3 sakene Fylkesmannen har behandla, har vi kome til at barnehagane har brukt tilskot i strid med lova.

Klagene har m.a. handla om kjøp av naust og tomt, bruk av personbil, investering i kiosk, lån til nærståande selskap, storleiken på løn til styrar og personalet som eig barnehagen.

Lovverket er forholdsvis nytt så det er liten rettspraksis på dette området, men det kjem stadig fleire saker som er behandla rundt omkring i landet.

I sakene vurderer Fylkesmannen om det er sannsynleggjort at bruk av midlane har gått til barnehageformål. I fleire av sakene er det mangel på dokumentasjon som gjer at dei private barnehagane ikkje vinn fram.

Sjølv om Fylkesmannen er einig med kommunen i at dei fleste kostnadane som klagene omhandlar ikkje er brukt til barnehageformål, har vi oppheva vedtaka når det gjeld kravet om tilbakebetaling. Vedtaka inneheld ikkje konkrete vurderingar slik regelverket legg opp til. Dei inneheld heller ikkje opplysningar om fristar o.l. Kommunen kan gjere nye vedtak med krav om tilbakebetaling der desse vurderingane er med.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.