Dispensasjon
Reglane om dispensasjon er omtala i kapittel 19 i plan- og bygningslova.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Hovudpunkta går fram av § 19-2:
Dispensasjon er eit særskilt løyve gitt på bakgrunn av skriftleg søknad om varig eller midlertidig å kunne fråvike føresegnene i plan‐ og bygningslova.
Hovudregelen er at utbygging skal skje etter rammene i ein vedtatt plan. Tiltaket må både vere i samsvar med gjeldande arealplan og reglar gitt i lova og tilhøyrande forskrifter. Ein tiltakshavar kan søke kommunen om unntak frå planar og føresegner.
Ingen dispensasjon i strid med omsynet bak føremål eller føresegner
Det kan ikkje gjevast dispensasjon frå vedtekne planar og føresegner dersom:
- omsynet bak føresegna det vert dispensert frå vert vesentleg sett til side
- omsyna i føremålsparagrafen til plan- og bygningslova vert vesentleg sett til side
Fordelen må vere større en ulempene
Fordelen ved å gje dispensasjon må vere klart større enn ulempene etter ei samla kommunal vurdering.
Du kan lese meir om kommunale planverktøy og dispensasjon på Kommunal- og moderniseringsdepartementet sine nettsider.
Saksopplysningar i dispensasjonssaker
Krav til kva for saksopplysningar som må følgje dispensasjonssaker frå kommunane.
Publisert 11.12.2012
Fylkesmannen si rolle
I dispensasjonssaker som vedkjem saksområda til Fylkesmannen og andre statlege eller regionale styresmakter, skal kommunen sende saka på høyring før kommunen kan gjere vedtak om dispensasjon.