Fylkesmannen si rolle
I dispensasjonssaker som vedkjem saksområda til Fylkesmannen og andre statlege eller regionale styresmakter, skal kommunen sende saka på høyring før kommunen kan gjere vedtak om dispensasjon.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Uttalerett
Fylkesmannen skal ha alle saker som gjeld dispensasjonar:
- i landbruks-, natur og friluftsområde
- langs vassdrag
- i 100-metersbeltet langs sjøen
- i grøntstrukturen i byggjeområde
- i støyutsette område
- i eller nær ureina grunn
- i område med naturverninteresser og/eller naturmangfald
og i saker som gjeld:
- etablering/utviding av forretningsverksemd utanfor sentrum definert i kommuneplan
- omsyn til landskap og estetikk
- område regulert til landbruk
- barn og unge sine interesser i arealplanlegginga
- beredskapsmessige omsyn
Det bør ikkje dispenserast når statlege eller regionale styresmakter har uttala seg negativt.
Klagerett
Fylkesmannen og andre statlege eller regionale styresmakter har klagerett i dispensasjonssaker. Dette kan vere aktuelt i saker som er i strid med nasjonale og regionale interesser kan Fylkesmannen klage på kommunen sine vedtak. Dersom dette er aktuelt vil Fylkesmannen som oftast varsle særskilt om dette i fråsegn til saka.
Vedtak om dispensasjon i saker som vedkjem saksområda til Fylkesmannen, skal alltid sendast Fylkesmannen til klagevurdering. Dette gjeld uavhengig av om det er gjeve uttale til saka i høyringsfasen.
Fylkesmannen har tre veker klagefrist etter at vi har motteke melding om vedtak.
Når Fylkesmannen klagar på dispensasjonsvedtak, vert klagen først sendt til kommunen. Kommunen tek klagen opp til handsaming.
Dersom kommunen tek klagen til følgje, og det vert fatta nytt vedtak i saka, skal dette vedtaket sendast Fylkesmannen til liks med vanlege dispensasjonsvedtak.
Dersom kommunen ikkje tek klagen til følgje, og det opphavlege dispensasjonsvedtaket står ved lag, skal kommunen sende saka til Kommunal- og beredskapssavdelinga hos Fylkesmannen for endeleg klagehandsaming. Kommunal- og beredskapsavdelinga er inhabil i saker der andre avdelingar hos Fylkesmannen (t.d. miljøvernavdelinga eller landbruksavdelinga) er klagar. Slike saker vert sendt til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet for oppnemning av settefylkesmann. Avdelinga(ne) som har klaga på vedtaket vurderer eventuelle nye moment i saka før den vert sendt departementet for oppnemning av settefylkesmann.
Dersom søkjar eller andre har merknader til klager frå Fylkesmannen, bør desse sendast til kommunen før klagen skal handsamast der. Kopi av merknadane kan sendast til Fylkesmannen.
Klagehandsaming
Kommunane driv arealplanlegging og gir byggjeløyve innanfor sine grenser. Miljøverndepartementet er øvste planstyresmakt, medan Kommunal- og regionaldepartementet er øvste bygningsstyresmakt. Fylkesmannen har fått myndigheit frå dei to departementa til å handsame klager over kommunane sine vedtak i dispensasjonssaker.
Kommunal- og beredskapsavdelinga handsamar slike klager hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.