Nyheitsbrev om plan februar 2021
Statsforvaltaren og Fylkeskommunen sender ut felles nyheitsbrev om plan og plansak, til kommunale planleggarar og andre kontaktpersonar i kommunane. Her finn du sakene som var omtala i nyheitsbrevet for februar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Møre og Romsdal 2025
Møre og Romsdal 2025 er eit program der offentleg sektor med ansvar for Møre og Romsdal arbeider saman for å styrke regionen. Programmet arrangerer møteplassar og fasiliterer fellessatsingar. For meir om programmet, sjå mrfylke.no
MR2025 arrangerte i januar Nyttårskonferansen der tema som offentleg-privat samarbeid, berekraftfylket og erfaringar frå å leie offentleg sektor under pandemien blei diskutert. For meir informasjon eller for å sjå sendinga, sjå Nyttårskonferansen 2021
Sjøplankonferansen hausten 2021
Kampen om sjøareala er eit stadig like aktuelt tema. Etter suksess med den førre konferansen, planlegg fylkeskommunen saman med Statsforvaltaren ein ny plankonferanse med vekt på sjøarealet. Denne vil finne stad i Molde 26.-27. oktober. Meir informasjon vil komme seinare.
Kommunale plansaker til høyring
Fylkeskommunen og Statsforvaltaren er høyringsinstansar for kommunale plansaker etter plan- og bygningslova. Statistikken for 2020 viser at fylkeskommunen og Statsforvaltaren hadde ca. 1250 plan- og dispensasjonssaker til høyring. Dette er på nivå med fjoråret. Plansakene omfattar om lag 300 reguleringsplanar og 50 kommune(del)planar. Av planane samla, gjaldt 115 saker oppstartvarsel, resten offentleg ettersyn. Kommunane i fylket har i 2020 også oversendt utkast til kommunale planstrategiar for planperioden 2020 – 2023 til høyring. Fleire kommunar har kopla planstrategiarbeidet direkte til oppstartsmelding og planprogram for kommuneplanens samfunnsdel.
Både fylkeskommunen og Statsforvaltaren vil kunne reise motsegn til kommunale arealplanar som er i strid med nasjonale og viktige regionale interesser. I 2020 har fylkeskommunen reist motsegn til 40 saker og Statsforvaltaren til 71. Desse tala er om lag på nivå med tidlegare år. Så godt som alle motsegnene blir løyste i den vidare planprosessen utan at sakene blir tatt til formell mekling.
Talet på dispensasjonssaker til høyring har auka dei siste åra. Med om lag 850 dispensasjonssaker i 2020 utgjer desse sakene meir enn 65 prosent av den samla saksmengda knytt til plan- og dispensasjonssaker. Auken gjeld i all hovudsak dispensasjonar frå kommuneplan, medan talet på dispensasjon frå reguleringsplan har halde seg meir stabilt. Rundt 350 av dispensasjonane gjeld i tillegg også pbl. §1-8.
Folkehelseundersøking
I februar gjennomfører Møre og Romsdal fylkeskommune ei folkehelsehelseundersøking i samarbeid med Folkehelseinstituttet (FHI). Undersøkinga er sendt ut til om lag 56 000 innbyggarar i fylket over 18 år, og går over 2 veker. Invitasjonen er sendt via SMS og e-post. Undersøkinga tek for seg tema som nærmiljø, eigenvurdert helse, sosial støtte, einsemd, helserelatert åtferd, skader, fysisk miljø og livskvalitet. Det er utarbeidd ein spørjeskjema-mal som i hovudsak blir brukt i alle fylke, men med nokre mindre regionale variasjonar. Svara vi får blir ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget for all samfunnsplanlegging i fylket i åra som kjem og det vil bli laga kommunerapportar.
Kurs i helsekonsekvens-utgreiingar
Møre og Romsdal fylkeskommune gir i samarbeid med Norges miljø- og biovitenskapelige universitet ved Senter for etter- og videreutdanning NMBU/SEVU tilbod om web-basert kurs i helsekonsekvensutgreiing (HKU) 4. og 23. i mars 2021. Målet med kurset er å styrke kommunane sitt arbeid med å gjennomføre ein HKU med ressursar frå eigen organisasjon. Kontaktperson i fylkeskommunen er Rigmor Hustad Holen, tlf. 71 28 04 23.
Invitasjon til kurset blir sendt til kommunane. Kurset er gratis for inntil to personar frå kvar kommune.
Følg utviklinga i prosjektet SmartPlan
Ålesund kommune har saman med NTNU Ålesund, Høgskulen i Volda, Offshore Simulator Centre/Augment City og fylkeskommunen fått 7 mill. kr av Forskningsrådet til eit innovasjonsprosjekt som har fått namnet SmartPlan. Prosjektet skal utvikle eit nytt verktøy for beslutningsstøtte i planprosessar som er datadrive, visuelt og som legg til rette for samskaping og medverking. SmartPlan vil bruke planprosessen for klima, areal- og transport (PAKT) for Ålesundsregionen som case for å både utvikle og pilotere verktøyet. SmartPlan har no fått eiga nettside der informasjon om prosjektet vil bli lagt ut.
Regionalt planarbeid 2020/2021
Både Regional planstrategi Møre og Romsdal 2020 – 2024 (RPS), og Fylkesplan for berekraftfylket Møre og Romsdal 2021 – 2024 ligg no ute på fylkeskommunen si nettside i grafisk tilrettelagde utgåver. Det ligg og ein kortversjon av fylkesplanen, utforma som ein plakat til å ha på veggen i papirformat.
Det er i RPS vedtatt ei rekke nye fylkesstrategiar som skal følge opp måla i fylkesplanen. Kommunane er viktige samarbeidspartnarar i utarbeiding og oppfølging av desse.
Dei fylkesstrategiane som er ferdigstilte er:
o Fylkesstrategi for kvalitet i vidaregåande opplæring 2020 – 2024
o Fylkesstrategi for tilbod i vidaregåande opplæring 2021-2024
Fylkesstrategiar som vil bli arbeidd med i 2021 er:
• Fylkesstrategi for miljø, klima og energi
• Fylkesstrategi for tannhelse
• Fylkesstrategi for kultur
• Fylkesstrategi for attraktive byar og tettstader
• Fylkesstrategi for forsking og innovasjon i Møre og Romsdal
• Fylkesstrategi for landbruk
• Fylkesstrategi for samferdsel
• Fylkesstrategi for internasjonalt samarbeid
Utkast til Fylkesstrategi for samferdsel ligg ute til høyring med frist 15. mars.
I tillegg vil vi starte arbeidet med kunnskapsgrunnlag for mineral-ressursar og massehandtering og ny regional plan for vassforvalting.
Oppdatering i kommunestatistikken
Det ligg oppdaterte presentasjonar av kommunestatistikk på mrfylke.no/kommunestatistikk. Den siste oppdateringa vart gjort før årsskiftet og inneheld oppdaterte befolkningsframskrivingar for kommunane. Grunna koronapandemien ligg SSB litt etter den normale publiseringa, og det er venta at sysselsettingstala for 2020 vert publiserte 11. mars (normalt kjem dei i februar), medan befolkningsdata per 01.01 blir publisert 23. februar. Vi vil oppdatere kommunestatistikken med desse tala så fort som mogleg.
Plannettverkssamlingar våren 2021
Vi planlegg å arrangere plannettverkssamlingar i april. Smittesituasjonen vil avgjere om det blir fysisk eller digital samling (eller ein kombinasjon). Vi kjem tilbake med fleire opplysningar. Presentasjonane frå samlinga 30.11.20 er publiserte.
Fylkesmannen har endra namn til Statsforvaltaren
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har oppdatert sine heimesider. Oppgåver og organisering blir ikkje endra.
Forventningsbrev 2021 til kommunane frå Statsforvaltaren
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har no sendt ut sitt årlege forventningsbrev til kommunane i Møre og Romsdal.
Rapport om dispensasjonar i strandsona
Sivilombodsmannen har undersøkt korleis utvalde kommunar handterer søknader om dispensasjon til bygging i strandsona. Les meir på Sivilombudsmannens nettsider.
Ny rettleiar om konsekvensutgreiingar for klima og miljø
Miljødirektoratet har nyleg publisert ein nettbasert rettleiar for utarbeiding av konsekvensutgreiingar for tema klima og miljø. Rettleiaren finn du her.
Klimaomstilling gjennom Klimasnu
Klimasnu den eine av to tverrfaglege hovudsatsingar med forankring i Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sin strategiplan for perioden 2020 - 2023. Her er viktige påminningar til kommunane ved inngangen til 2021:
- Alle kommunane bør ha ein oppdatert handlingsdel (nyare enn 4 år) i si klima- og energiplanlegging.
- Frist 15. februar for innsending av søknad om støtte til klimatiltak klimatiltak og kutt klimagassutslepp gjennom klimasats.
Nettverkssamling for regional og kommunal planlegging 2020
Kommunal- og moderniseringsdepartementet arrangerte si årlege nettverkssamling for regional og kommunal planlegging 2.- 3. desember 2020, Oslo. Du kan sjå opptak og presentasjonar via denne lenka.
Utval skal sjå på generalistkommunesystemet
Generalistkommunesystemet inneber at alle kommunane har dei same oppgåvene uavhengig av storleiken på, og tal på innbyggarar, i kommunen. Alle innbyggarar har like demokratiske rettar og alle kommunar har ansvar for å sørge for eit godt lokalsamfunn for alle i kommunen.
Generalistkommuneutvalget blei oppnemd av regjeringa i november 2020, og skal samle eit heilskapleg kunnskapsgrunnlag om det norske generalistkommunesystemets verkemåte og utvikling.
Stort samarbeidsprosjekt med 15 millionar til forsking i verdsarvområde
Twin Fjord har sitt utspring i forskingsprosjektet SUSTRANS, som har utvikla nye modellar for å analysere transportsystem ved naturbaserte turistdestinasjonar. Prosjektet har ei rad samarbeidspartnarar og skal gjennomførast frå 2021-2024, med 15,4 millionar kroner i støtte frå Norges Forskningsråd. Les meir på Statsforvaltaren sine heimesider. Fylkeskommunen er også samarbeidspartnar i prosjektet.
Alle treng ein trygg heim
Regjeringa har lagt fram ein nasjonal strategi for den sosiale bustadpolitikken (2021-2024). Den nye strategien byggjer vidare på erfaringane, tiltaka og samarbeidsstrukturane som er utvikla under førre strategi, Bolig for velferd (2014-2020). Bustadsosiale omsyn er eit viktig tema i heilskapleg kommunal planlegging. Les meir på regjeringa sine sider.
Viktige erfaringar frå samanslåtte kommunar
Kommune- og regionreforma førte til at talet på kommunar vart redusert frå 428 til 356. Ein ny rapport viser kva erfaringar dei samanslåtte kommunane har gjort seg i prosessen, og gir seks råd til kommunar som vurderer å slå seg saman.
Den nasjonale berekraftskonferansen vert utsett
Kommunal- og moderniseringsdepartementet melder at Den nasjonale bærekraftskonferansen blir flytta til 2. juni 2021. Meir informasjon finn du her. I forkant av den nasjonale berekraftskonferansen skal ulike organisasjonar arrangere webinar om berekraftsmåla.
Jordvern avgjerande for å nå berekraftsmåla
Landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad og kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup har sendt eit brev til alle landets kommunar og fylkeskommunar om å ivareta jordvern og berekraftsmåla i kommunane si arealplanlegging.
Lokaldemokrati - ny rapport om innbyggarforslag
Innbyggarforslag er relativt lite brukt i norske kommunar og fylkeskommunar, men ordninga har støtte som kanal for lokaldemokratisk deltaking. Det viser ein ny rapport Agenda Kaupang AS har laga på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Ny rapport om utfordringar i fleirkommunale byområde
Ein ny rapport viser at fleirkommunale byområde er ressurskrevjande og fører til konkurranse mellom kommunane om innbyggarar og bedrifter. Forskinga viser at det er utfordringar med kommunestrukturen også i fleirkommunale byområde.
Ny utgreiing om demografiutfordringar i distrikta
Distriktsdemografiutvalet overleverte 4. desember si utgreiing NOU 2020: 15 Det handler om Norge — Utredning om konsekvenser av demografiutfordringer i distriktene. Utvalet har utgreidd konsekvensar av demografiutfordringar i distrikta. Utvalet meiner analysane av demografiutfordringane viser at det er et stort behov for nytenking om distrikta sin plass i det norske samfunnet og om distriktspolitikken.
Enklare å etablere nye ladestasjonar for elbil
Regjeringa har no gjort det enklare å etablere nye ladestasjonar for elbilar. Eit rundskriv frå regjeringa fastslår kva reglar i plan- og bygningslova som gjeld når det skal etablerast ladepunkt og ladestasjonar for elbilar. Dette er no tydeleggjort betre, gjennom en oppdatering av rettleiaren til byggesaksforskrifta.
Nye strategiar for kyst og innland
Naturressursar i distrikta gir vekstgrunnlag for heile landet. Gjennom to nye strategiar vil regjeringa utvikle ein betre og meir tilpassa politikk for næringslivet langs kysten og i innlandet.
Ny strategi for småbyar
Målet er å utvikle bulyst, og ikkje buplikt, over heile landet. Over heile Europa ser vi at sentralisering og fråflytting rammar distrikta. Også i Norge opplever mange små kommunar at det er vanskeleg å tiltrekke seg folk med rett kompetanse. Dersom vi skal ta heile landet i bruk også i framtida, treng vi sterke småbyar og attraktive lokalsamfunn.
Kritisk rapport om den nasjonale oppfølginga av FNs berekraftsmål
Riksrevisjonen med kritisk rapport om styring av og rapportering på den nasjonale oppfølginga av FNs berekraftsmål. Det blir peika på at regjeringa er på etterskot med gjennomføringa av berekraftsmåla. Undersøkinga viser til manglande koordinering, planlegging og kartlegging av status.