Stor oppslutning om regional plan- og byggesakskonferanse
Mange positive tilbakemeldingar på felles fagsamling for plan- og byggesaksbehandlarar 27. – 28. november 2018 i Molde. Konferansen vart arrangert av Fylkesmannen og fylkeskommunen og samla i alt 130 deltakarar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Konferansen retta søkelys mot sentrale planfaglege spørsmål og utfordringar knytt til kommunal plan- og byggesaksbehandling. Aktuelle deltema omfatta m.a. nærare gjennomgang av teori og praksis i samband med lovverk og rammevilkår, universell utforming, klima i endring - og samfunnstryggleik i arealplanlegginga. Fleire av dei faglege innlegga på konferansen understreka behovet for tettare samarbeid og samordning på tvers av både fagmiljø og forvaltningsnivå.
Målgruppe for konferansen var primært planleggarar og byggesaksbehandlarar i kommunane. Heile 32 av 36 kommunar i fylket var representert. I tillegg var det også deltakarar frå regional og statleg forvaltning, utbyggarar, kommune- og fylkespolitikarar, private konsulentar, utdannings- og forskingsmiljø m.v.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har bidratt med midlar til kompetanseutvikling og opplæring etter plan- og bygningslova. Desse midlane utgjer ein viktig del av grunnfinansieringa for årets konferanse.