Tilsyn med kommunane sitt beredskapsarbeid
Kommunane sitt ansvar for samfunnstryggleik og beredskap i lokalsamfunnet vart formalisert gjennom sivilbeskyttelseslova som vart vedteken i 2010 og forskrift om kommunal beredskapsplikt som kom i 2011. Gjennom forskrifta fekk også fylkesmannen heimel til å føre tilsyn med kommunane si oppfølging av beredskapsplikta.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen førte i 2013 tilsyn med 10 kommunar: Volda, Ulstein, Sykkylven, Aukra, Ørsta, Giske, Sula, Sande, Eide og Stranda. I 2014 blir det tilsyn i 13 kommunar, og dei 13 siste kommunane får besøk i 2015.
Hovudinntrykket etter tilsyna i 2013 er at det i kommunane er høgt medvit og god kunnskap om kommunen sine plikter og ansvar ved ekstraordinære hendingar. Med få unntak er også pålagde beredskapsplanar på plass. Størst forbetringspotensial er det når det gjeld utarbeiding av risiko- og sårbarheitsanalysar og heilskapleg, risikobasert arbeid – med klare samanhengar mellom lokalt risikobilde, overordna kommuneplanlegging, førebygging av risiko, beredskapsplanlegging og øving.
Det store bildet er om lag som venta – eller litt betre. All erfaring frå ekstraordinære hendingar dei siste åra stadfestar bildet av høgt medvit, god beredskap og handlekraft når ekstraordinære situasjonar oppstår. At fleire kommunar heng etter i «papirarbeidet» med risiko- og sårbarheitsanalysar er heller ikkje overraskande – det er på dette området nytt regelverk føreset mest nybrottsarbeid.
Alle kommunane som det vart ført tilsyn med i 2013 fekk eitt eller fleire avvik – definert som manglande oppfølging av pålegg gitt i lov eller forskrift. Fylkesmannen er likevel positivt overraska over at fleire av kommunane berre fekk små avvik – nærast på detaljar. Og dessutan: at dei kommunane som har meir å gå på, alle brukte tilsyna på ein offensiv måte – gjennom aktivt å bidra til at tilsyna fungerte som statuskartleggingar som dei sjølve kan bruke i eige forbetringsarbeid.
Tilsynsrapportane ligg tilgjengelege i høgremargen. Rapportane blir publiserte der etter kvart som dei er klare. Per 07.01.2014 er seks av ti rapportar publiserte. Dei fire siste (frå tilsyn gjennomført i november) kjem i løpet av januar eller februar.