Bak kulissene til strandryddinga i Nordland

Kvart år plukkar frivillige i Nordland fleire hundre tonn havsøppel langs kysten, og det er avfallsselskapa som tek imot alt avfallet. Den 28. november hadde Fylkesmannen besøk av fire av avfallsselskapa i fylket for å høyre om deira erfaringar frå strandryddeåret 2019.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.12.2019

Avfallsselskapa har ei nøkkelrolle i strandryddingsarbeidet; dersom ingen tek imot og handterer søppelet, er ein like langt. Difor er avfallsselskapa ein sentral aktør for Fylkesmannen i oppgåva vi har med å koordinere arbeidet med marin forsøpling i fylket. Torsdag 28. november hadde vi besøk av Iris, Lofoten avfallsselskap, Søndre Helgeland Miljøverk og Reno-Vest, i tillegg til Senter for oljevern og marint miljø, SAR Sandnessjøen, fylkeskommunen og Naturvernforbundet, for å finne ut kva som fungerer og kva som må bli betre i strandryddearbeidet i Nordland. 

 

Ønskjer fast stønad til strandrydding

Den største utfordringa som avfallsselskapa møter i strandryddekvardagen er korte økonomiske horisontar. Sidan det er ressurskrevjande å ta imot strandsøppel, er avfallsselskapa avhengige av økonomisk stønad for å ha moglegheit til å ta hand om avfallet som frivillige og profesjonelle strandryddarar samlar opp. I dag fungerer stønadsordninga slik at avfallsselskapa kvart år søkjer Miljødirektoratet om pengar til neste års strandrydding. På eit godt strandryddeår "risikerer" derfor avfallsselskapa at folk plukkar meir enn det dei fekk stønad til å ta imot, og handteringa av det ekstra avfallet vert eit økonomisk tapsprosjekt for avfallsselskapa. 

- Avfallsselskapa ønskjer seg ei stønadsordning der dei får ein fast og føreseieleg sum frå myndigheitene kvart år. På den måten hadde dei kunna drive meir sikkert og planlagt lenger fram i tid, i tillegg til at dei ville sloppe å konkurrere med kvarandre om strandryddepengane kvart år. Dette skal vi bringe vidare til Miljødirektoratet, seier Oddlaug Knutsen, som er seksjonsleiar i Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen. 

 

Deltakende på strandryddesamling 28.11.2019

 

Ny løysing for registrering av strandsøppel

For å kunne redusere tilstrøyminga av avfall til sjøen i fylket vårt, må vi vite kva som er kjeldene til forsøplinga. Difor er det viktig å kartlegge kva slags avfall strandryddarane finn langs kysten. 

- Fleire av avfallsselskapa har hatt utfordringar med å få dei frivillige plukkarane til å oppgi kva slags søppel dei har funne. Mange er, forståeleg nok, mest ivrige etter å plukke, og ikkje etter å rapportere kor mykje dei fann av dei ulike typane avfall, seier Knutsen. 

Ei enklare løysing for slik registrering er på trappane no. På samlinga fekk vi presentert ein prototyp av Ryddeportalen, som er ei ny digital kartløysing for registrering av forsøpla område, organisering av ryddeaksjonar og registrering av funn - mellom anna. Det er Senter for oljevern og marint miljø (SOMM) i samarbeid med Hold Norge Rent som utviklar verktøyet. 

 

Vil ha årleg møte med avfallsselskapa i Nordland

Strandryddesamlinga hjå Fylkesmannen ga avfallsselskapa ein arena for å diskutere felles problemstillingar i strandryddearbeidet, og samlinga gav meirsmak. 

- Det å møtast slik for å oppdatere kvarandre på praksisar og diskutere erfaringar var nyttig både for oss som Fylkesmann og for avfallsselskapa. Dette skal vi arrangere kvart år, avsluttar Knutsen. 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.