Stor vilje til oppdrag som fast verje i Rogaland!
Fylkesmannen har blitt kontakta av nærare 80 personar som visar interesse for oppdrag som fast verje. Det gleder å sjå at vilja til innsats for samfunnet er stor i fylket vårt.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Gjennom kampanjen ”Verjeverdig” ønska Fylkesmannen å skaffe faste verjer i Rogaland. Fylkesmannen er positivt overraska over at så mange har tatt kontakt. Den store interessa vi nå ser for oppdrag som fast verje visar at det i Rogaland er mange som ønskjer å gjere ei innsats for sine medmenskjer.
Fylkesmannen bruker nå tid på å velje gode faste verjer blant alle dei flotte personane som har tatt kontakt med oss. Arbeidet med å velje kven som blir faste verjer i denne omgang er det fagdirektør Kristine Enger som leier. Om dei som har vist interesse kan ho opplyse følgjende:
”Dette er folk med veldig ulik bakgrunn og erfaring. Felles for dei aller fleste er at dei er godt voksne, har eit tydeleg samfunnsengasjement og ønsker å bruke en del av den tida dei har til rådighet til noe meiningsfylt og lærerikt. Eit av dei viktigaste måla i verjemålsreforma er å auke rettsikkerheita for dei som ikkje kan ivareta sine eigne interesser. Å få vere med på denne reforma frå starten av, er også noe som er spennande for mange.”