Slik skal me auka matproduksjonen
Auka matproduksjon og mattryggleik er tema for Landbrukskonferansen 2015. Heile 120 deltakarar er påmelde så langt. Det er ennå plassar igjen, men påmeldingsfristen nærmar seg.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kan effektivisering av matproduksjonen gå ut over mattryggleiken? Og er det slik at maten me produserer i Norge er tryggare enn i andre land? Det skal professor Yngvild Wasteson ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet gi oss svar på under konferansen. Men ho er ikkje den einaste som kjem til Landbrukskonferansen 2015.
Sterkt program
Gaute Lenvik (NHO Mat og Landbruk), Helge Bergslien (NCE Culinology/Måltidets Hus), Sjur Fitje (Q-Meieriene) og Kristin Ianssen (Norges Bondelag) er også blant foredragshaldarane i år. Du møter gardbrukarane Sigrid Bakka og Torhild Vaarvik, sandnesordførar Stanley Wirak, fylkesvaraordførar Terje Halleland og fylkespolitikarane Elin Schanche og Tom Tvedt.
Meir mat, trygg mat
Det er den raude tråden gjennom heile konferansen i år. Korleis kan Rogaland bidra til auka matproduksjonen og samtidig ta vare på mattryggleiken når det er krav til effektivisering i alle ledd?
Velkommen til Sandnes
Konferansen blir arrangert måndag 2. mars på Quality Hotel Residence i Sandnes. Påmeldingsfristen er fredag 20. februar. Du finn påmeldingsskjema og program ved å trykkja på lenka i høgremargen.