Korleis snakke med barn om vald og overgrep

RVTS Vest og Statsforvaltarane i Vestland og Rogaland inviterer til introduksjonskurs i korleis snakke med barn og unge om vald og overgrep.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.01.2023

Vald og overgrep mot barn og unge er eit stort samfunnsproblem. Vi veit at mange barn veks opp med vald, overgrep og omsorgssvikt, og vi veit at det aukar risikoen for alvorlege fysiske og psykiske helseplagar seinare i livet.

Barn treng trygge vaksne. På introduksjonskurset vert du kjent med nettressursane «Snakke med barn» og «Jeg vet». Desse ressursane kan bidra til at nettopp du vert ein vaksen som vågar å sjå, og tør å handle når du er bekymra for eit barn.

Kursinnhald

Etter kurset vil du

  • ha grunnleggande kunnskap om kva som er viktig i samtalar med barn og unge
  • ha god oversikt over dei digitale kunnskapsplattformane snakkemedbarn.no og jegvet.no
  • ha god kjennskap til simuleringsdelen av snakkemedbarn.no
  • kunne bruke snakkemedbarn.no til undervisning, utvikling og rettleiing i tenesta di
  • kunne bruke snakkemedbarn.no til eigentrening og utvikling i samtalar med barn og unge
  • få mogelegheit til å melde deg som "Snakke-fadder"

Førelesarar er barnevernspedagog Linda Kvalvik og psykologspesialist Steinar Hvål.

Førebuing til kurset

Vi ønskjer at de gjer dykk kjent med følgjande nettressursar

 

Når: 13. april kl 09-14

Stad: Digitalt 

Påmelding: trykk her

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.