Bruk av private aktørar i det kommunale barnevernet

Bruk av private aktørar i barnevernet har auka over tid og private selskap er i dag ein viktig leverandør av tenester og tiltak i fleire kommunar. Barne- og likestillingsdepartementet har i eit brev gjennomgått kommunane sitt høve til å nytte seg av private aktørar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.10.2017

I brevet presiserer departementet at stillinga som barnevernleiar ikkje kan delegerast til ein privat aktør. Barnevernleiaren må vere tilsett i kommunen.

Vidare er departementet tydeleg på at oppgåver som inneber utøving av offentleg myndigheit ikkje kan delegerast eller leggjast til private aktørar utan heimel i lov. Departementet gir følgjande (ikkje uttømmande) eksempel på oppgåver i barnevernet som inneber utøving av offentleg myndigheit, og som derfor ikkje kan delegerast/ bli lagt til private aktørar:

 ·              Mottak og vurdering av meldingar

 ·              Gjennomføring av undersøkingar

 ·              Avgjerd om å leggja bort undersøkingar

 ·              Avgjerd om å fremje sak for fylkesnemnda

 .              Kommunen kan ikkje bruke ein privat aktør som partsrepresentant i ei

                fylkesnemndsak eller i domstolen

 ·             Vedtaksfullmakt

 ·              Oppfølging og evaluering av hjelpetiltak

 ·              Rekruttering av fosterheimar

 ·              Val og godkjenning av fosterheim til det einskilde barnet

 ·              Inngåing av fosterheimsavtale

 ·              Rettleiing, oppfølging og kontroll av fosterheimar

 ·              Oppfølging av vedtak om omsorgsovertaking

 ·            Krav om politiassistanse i enkeltsaker

Sjølv om kommunane derfor ikkje kan delegere/leggje slike oppgåver til private aktørar, legg departementet til grunn at kommunane har høve til å la seg assistere av private aktørar. «Å la seg assistere» inneber noko anna enn å delegere myndigheit, overlate eller leggje ansvaret for ei oppgåve til ein privat aktør. I brevet gir departementet klare føringar for kva som skal til for at slik assistanse skal vere forsvarleg og lovleg.

Vidare skriv departementet:

«Departementet vil understreke at det etter vårt syn ikke alltid vil være praktisk mulig for kommunen å ha den formen for styring og kontroll som er en forutsetning for lovlig å kunne benytte private til å bistå seg til å utføre oppgaver etter barnevernloven. I slike tilfeller kan barneverntjenesten ikke la seg bistå av private aktører innenfor områder som innebærer utøvelse av offentlig myndighet».

Kommunen må sikre at den har nødvendig og tilstrekkeleg kontroll med at arbeidet hos private som utfører oppgåver for barneverntenesta blir drive i samsvar med lova og anna regelverk. Kommunen må ha rutinar for systematisk oppfølging av private aktørar, og dokumentasjon på korleis oppfølginga faktisk skjer.

Sjå heile brevet frå Barne- og likestillingsdepartementet i høgre marg.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Lenkjer