Hjelp frå politiet i akutte faresituasjonar på barnevernsinstitusjonar
I utgangspunktet skal barnevernsinstitusjonar kunne handtere akutte faresituasjonar sjølv, men det kan oppstå uforutsette hendingar der institusjonen må be om hjelp frå politiet
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Når institusjonar har påtatt seg å gi omsorg og behandling til barn med alvorlege problem, må dei ha personale, beredskapsplanar og metodar som kan handtere situasjoner der ungdommen mister kontrollen, trugar eller utøver vald. Institusjonen skal kunne handtere dette innanfor rammene av rettigheitsforskrifta.
Leiinga for institusjonane har ansvar for å gjere risikovurderingar knytt til drifta og skal sikre at dei har tilstrekkeleg personell med nødvendig kompetanse til å ivareta forsvarleg tryggleik, omsorg og trivsel for dei barna som dei har påtatt seg å gi omsorg og behandling.
Det kan likevel oppstå uforutsette situasjonar der personalet mister kontrollen i situasjonen, og handlingane til barnet utgjer alvorleg fare for barnet sjølv, personalet eller andre barn på institusjonen. I slike situasjonar kan det vere nødvendig å be om hjelp frå politiet, jamfør kommentarane til rettigheitsforskrifta: Rundskriv om retningslinjer til rettighetsforskriften