Bufetat sitt betalingsansvar for tiltak for ungdom over 18 år

I ei ny tolkingsuttaling frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), datert 03.01.2019, avklarar Bufdir at staten v/ Bufetat har eit økonomisk ansvar både for tiltak for ungdom over 18 år som held fram, og for nye tiltak som startar etter fylte 18 år.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.01.2019

Det følger av barnevernlova § 1-3 andre ledd at dersom ungdommen samtykkjer, kan tiltak som er starta opp før fylte 18 år halde fram eller erstattast av andre tiltak inntil ungdommen er 23 år (ettervern). Statens betalingsansvar er regulert i barnevernlova § 9-4. Her går det fram at Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) sitt økonomiske ansvar gjeld for barn under 20 år. Problemstillinga som Bufdir har vurdert, er om Bufetats økonomiske ansvar etter § 9-4 kun gjeld for tiltak som held fram etter fylte 18 år, eller om staten og er ansvarleg for andre og nye tiltak. Det blir vist til ein kommentar i betalingsrundskrivet (Q-06/2007) som kan tolkast slik at statens økonomiske ansvar berre gjeld for tiltak som held fram etter fylte 18 år, og ikkje for eventuelle nye tiltak.

 

Bufdir skriv i si vurdering at det ikkje er noko i lovtekstens ordlyd som tilseier at Bufetat kun har ansvar for tiltak som held fram. Høvet til å ta imot tiltak etter 18 år er blitt styrka dei siste åra. Slik Bufdir ser det, er betalingsrundskrivet den einaste rettskjelda som peikar i retning av at staten berre har ansvar for tiltak som held fram etter fylte 18 år, og ikkje for andre tiltak. Direktoratet har difor konkludert med at staten har eit økonomisk ansvar både for tiltak som held fram, og for nye tiltak som startar opp etter fylte 18 år.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.