Tenestestøtteprogrammet

Tenestestøtteprogrammet er eit samlingsbasert tenesteutviklingsprogram for kommunal barnevernsteneste.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.12.2018

I 2018 har  kommunane Gjesdal, Bjerkreim, Forsand, Hjelmeland, Suldal, Sauda, Tysvær, Vindafjord/ Etne og Sveio delteke. I 2019 skal kommunane Hå, Time, Klepp og Strand delta.

Det er eit mål at alle tilsette og leiarar i kommunale barnevernstenester skal ha fått tilbod om å delta i eit tenestestøtteprogram innan 2024.

Tenestestøtteprogrammet er eit tiltak som skal støtte kommunale barneverntenester med utviklinga si gjennom å:

  • Styrke kvaliteten på barneverntenestene sitt arbeid med undersøkingar og avgjerder

 

  • Styrke kvaliteten på barneverntenesta sitt samarbeid med familiar om endringar gjennom hjelpetiltak

 

  • Auke tenestene si grunnleggjande traumeforståing og innsikt i barn og unge sine utrykk og behov

 

  • Styrke tenestene sitt arbeid med nettverksmobilisering og brukarmedverknad

 

Programmet har ein eigen leiarstøttemodul.

I Tenestestøtteprogrammet arbeider tenestene med vidareutvikling av og refleksjon rundt eige undersøkings- og hjelpetiltaksarbeid, med særleg fokus på traumesensitivitet og nettverksmobilisering. I tillegg er brukarmedverknad eit viktig perspektiv i heile programmet.

Hovudformålet med tiltaket er å oppnå positiv praksisendring i tenestene. Programmet er derfor prosessorientert, og skal ha rom for tilpassing til behova hos dei ulike tenestene som deltek.

Det er lagt opp til tre samlingar over totalt fem dagar, og opplegget varierer mellom bruk av førelesning, øvingar, videoar, case og diskusjonar i plenum.

Alle tilsette i dei utvalde tenestene, inkludert barnevernsleiarane, deltek i programmet. Det er i tillegg lagt opp til eigne samlingar berre for barnevernsleiarane. Dette for å sikre leiarforankring og moglegheit for kvalitetsutvikling i heile tenesta.

Lenke: Bufdir om Tenestestøtteprogrammet

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.