Får minoritetsspråklege barn i barnehagen hjelp til å lære seg norsk?
Få kommunar nemner spesialpedagogisk hjelp når dei skal gi døme på tiltak som blir sette i verk for å betre norskkunnskapen til minoritetsspråklege barnehagebarn. 55 % prosent svarar nei på spørsmålet om dei har fatta vedtak om spesialpedagogisk hjelp. Det kan virke som om det er uklart for både PPT og kommunane kva som må til for at barn skal ha rett på spesialpedagogisk hjelp når det gjeld tiltak for å styrkje norskferdigheitene. Dette syner ei undersøking som Fylkesmannen har gjennomført.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Bakgrunn for undersøkinga
I 2016 vart reglane om spesialpedagogisk hjelp til barn under opplæringspliktig alder overført frå opplæringslova til barnehagelova. I merknad til § 19a står det i Prop. 103 L (2015-2016) :
(…)spesialpedagogisk hjelp omfatter også språkstimuleringstiltak, både for språkutvikling spesielt og for norskferdigheter spesielt(…)
Risikovurdering
Med utgangspunkt i risikovurdering og omsorg for sårbare grupper som ein del av vurderinga har Fylkesmannen kartlagt korleis kommunane varetar utvikling av norskferdigheitene til minoritetsspråklege barn før opplæringspliktig alder.
Føremålet med spørjeundersøkinga var å få eit oversyn over kommunane sin praksis knytt til minoritetsspråklege barn og spesialpedagogisk hjelp.
Gjennomføring av undersøkinga
Undersøkinga vart send til barnehagefagleg ansvarlege i kommunane (26) og PP-kontora (16).
20 av dei 26 barnehagefagleg svarte, ein svarprosent på 77. Berre 4 av PP-kontora svarte – urovekkjande få svar sidan PPT som sakkunnig instans skal greie ut og vurdere behovet for spesialpedagogisk hjelp til barn i barnehagen.
Hovudpunkt etter undersøkinga
- 11 av 20 kommunar får tilskot for å styrkje norskspråkleg utvikling til minoritetsspråklege barn
- Kommunane reknar opp mange ulike måtar å jobbe med minoritetsspråklege barn på. Nokre nemner at dei har tilsett personar som gir rettleiing, og at PPT og Styrka barnehagetilbod er samarbeidspartnarar. Ingen nemner spesialpedagogisk hjelp som eit tiltak.
- Dei fleste kommunane skil ikkje tiltak mellom for store og små barn. Dei set i gang tiltak som er tilrettelagde ut frå behovet til det enkelte barnet, uavhengig av alder.
- Når det gjeld kven som har ansvaret for å setje i verk tiltak, svarar kommunane barnehagen i 90 %, barnehageeigar i 50 %, barnehagemynde i 45 % og andre i 30 %.
- I 60 % av tilfella kjem ressursane til tiltaka som ekstratilsette frå kommunen. I 40 % av tilfella blir ressursane fordelte etter søknad, råd og rettleiing gitt av kommunen etter søknad, innkjøp og fordeling av språkpakkar. 30 % søkjer om midlar som ein del av driftstilskottet. I 25 % av tilfella er det barnehagen som søkjer om midlar til kommunen.
- Alle dei spurde svarar at barn som har behov for ekstra hjelp og støtte, blir fanga opp i barnehagen. 60 % av dei spurde seier at helsestasjonen fangar opp desse barna, og 25 % gir tilbakemelding om at tiltak som innføringsbarnehagar, flyktningtenesta, barnevern m.m., fangar opp desse barna.
- På spørsmål om kommunen eller PPT har kjennskap til om det er fatta vedtak om spesialpedagogisk hjelp til språkstimuleringstiltak, både språkstimulering generelt og norskferdigheit spesielt, svarer 45 % at dei kjenner til at det er gjort vedtak. 55 % svarer at dette kjenner dei ikkje til.
Konklusjon
Få kommunar nemner spesialpedagogisk hjelp når dei skal gi døme på tiltak som blir sette i verk for å betre norskkunnskapen til minoritetsspråklege barnehagebarn. 55 % prosent svarar nei på spørsmålet om dei har fatta vedtak om spesialpedagogisk hjelp. Det kan virke som om det er uklart for både PPT og kommunane kva som må til for at barn skal ha rett på spesialpedagogisk hjelp når det gjeld tiltak for å styrkje norskferdigheitene.
Det er urovekkjande at så få frå PP-tenesta har svart på spørjinga, sidan PPT skal greie ut og vurdere behovet for spesialpedagogisk hjelp hos barn i barnehagen.
I BASIL (Barnehagane sitt rapporteringssystem) kjem det ikkje fram om det er fatta vedtak om spesialpedagogisk hjelp for å styrkje norskferdigheitene og om kommunane har korrekt lovforståing om retten til spesialpedagogisk hjelp til minoritetsspråklege barn. Fylkesmannen meiner det må vurderast om det skal spørjast spesifikt om dette i BASIL, ev om det må givast meir informasjon i hjelpeteksten. Det kan også vere aktuelt å ta med i den årlege spørjinga retta mot barnehagesektoren som Trøndelag Forsking og Utvikling gjennomfører. Fylkesmannen har tatt desse forslaga opp med Utdanningsdirektoratet. Vi vil også vurdere om det er behov for rettleiing og tilsyn på området.