Utlysing av tilretteleggingsmidlar for ABLU studentar og barnehagelærarutdanninga på deltid - 2021/2022
Fylkesvis samarbeidsforum Rogaland har gitt Statsforvaltaren i Rogaland fullmakt til å fordele tilretteleggingsmidlar for studieåret 2021/2022. Samarbeidsforum har satt av kr 3 600 00,- til formålet. Dette er ein del av regional ordning for kompetanseutvikling i barnehagane.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Økonomisk stønad gir eigarar (kommunar og private) høve til å leggje forholda til rette for å få fleire pedagogar i sine barnehagar. Midla er knytt til den einskilde tilsette slik at studiet kan gjennomførast på ein god måte.
Prioriterte studium i denne ordninga
- Ansatte som har fått støtte, skal prioriteres i heile utdanningsløpet
- Barnehagar og områder som har utfordring kring rekrutering av kvalifisert personal skal prioriteres. (Etter ei vurdering på bakgrunn av tal fra BASIL)
Ut over dette prioriteres:
- 4. års studenter på deltid barnehagelærerutdanning
- 3. års studenter på ABLU/deltid barnehagelærerutdanning
- 2. års studenter på ABLU/deltid barnehagelærerutdanning
- 1. års studenter på ABLU/deltid barnehagelærerutdanning
Dersom avsette midlar ikkje er tilstrekkelege, skal barnehagar og område som har utfordringar med rekruttering av kvalifisert personale, prioriterast.
Nytt fom 22.10.21:
Statsforvaltar har fått tildelt ekstra midlar frå Utdanningsdirektoratet og vil difor tildele kr 3 000 000 til studentar som ikkje blei prioriterte i første tildeling. Studentane som mottar støtte i ekstratildelinga er ikkje automatisk prioriterte i seinare tildelingar.
Søknad
Barnehageeigar søkjer midlar for sine tilsette på dette søknadsskjema Barnehageeigar må søkje om midlar kvart år, sjølv om studenten er prioritert i heile utdanningsløpet.
Frist for å sende inn søknad er 30. august 2021
Kriteria for å kunne søkje om midlar
- Barnehageeigar søkjer om midlar for tilrettelegging av eigne tilsette
- Dei tilsette skal ha minimum 50% fast arbeidsforhold i barnehagar i Rogaland
- Dersom den tilsette er tilsett i fleire barnehagar, må det avklarast lokalt korleis midla skal fordelast mellom barnehagane.
- Det kan søkjast inntil kr. 50 000 per student og for maks 2 tilsette per barnehage.
- Midla er knytt til den einskilde tilsette
Midla skal nyttast til:
- vikarmidlar for at den tilsette skal få permisjon med lønn for å delta på studiesamlingar og lese- og eksamensdagar (arbeidsgjevaravgift for vikar må ein dekke innanfor tildelt ramme)
- å dekkje reise- og/eller opphaldsutgifter
- studiemateriell for den tilsette
- å dekkje utgifter den tilsette har etter rekning/faktiske utgifter som kan dokumenterast
Det skal lagast ein avtale mellom barnehagen og studenten i starten av semesteret om korleis midla skal nyttast. Avtalen skal sendast til barnehagemyndigheita når den er signert av begge partar.
Som hovudregel skal midlane ikkje betalast ut som stipend, fordi dei då vil bli skattepliktige og utløyse arbeidsgjevaravgift. Midla skal nyttast til å leggje til rette for studiedeltaking for den einskilde tilsette.
Frist for å sende inn søknad er 30. august 2021
Utbetaling av midlar
Midlane betalast ut til barnehagemynda i dei respektive kommunane som fordeler midlane vidare. Utbetalte midlar på kr 50 000,- gjeld for heile studieåret 2021/22. Midla vert utbetalte i løpet av september 2021.
Tilretteleggingsmiddel frå Utdanningsdirektoratet
Det er i tillegg mogleg å søkje tilretteleggingsmiddel gjennom Utdanningsdirektoratet sin søkjarportalen. Vidareutdanningsstudiar som er søkt via Utdanningsdirektoratet sin søkjarportal, inngår ikkje i denne ordninga.