Verktøy til bruk i innsatsen mot vald og overgrep mot barn

Barne- og likestillingsdepartementet ga i 2016 ut «Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017-2021)», ein opptrappingsplan mot vald i nære relasjonar og vald og overgrep mot barn og unge. Opptrappingsplanen gjer ein oversikt over dagens situasjon, tiltak for å bekjempa vald og overgrep, og hovedutfordringane knytta til vald og overgrep.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.03.2020

Kommunane har ei viktig oppgåve når det gjeld å avdekka, avverga og førebyggja vald og overgrep. Det er utvikla ulike verktøy ein kan nytta i innsatsen mot vald og overgrep mot barn. Fylkesmannen skal bidra til at kommunane styrkar innsatsen mot vald og overgrep mot barn, og me vil difor informera om kva verktøy som finst.

Jeg vet

«Jeg vet» er ein læringsressurs som er laga av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Målgruppa er skular og barnehagar. Føremålet er at nettsida skal vere med å førebyggja vald, overgrep og mobbing gjennom å gje barn auka kunnskap om dette. På nettsida har barnehagelærarar og lærarar tilgang til kvalitetssikra og alderstilpassa læringsopplegg for å gje barn og unge kunnskap om vald, overgrep og mobbing. Sjå meir her.

SNAKKE

Opplæringsplattformen «SNAKKE» er utvikla av RVTS (Regionale ressurssentre om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging) nasjonalt på oppdrag frå Bufdir. «SNAKKE» er eit opplæringsprogram som skal auka fagkunnskap og gje handlingskompetanse hos alle hjelpere som arbeider med barn. Verktøyet er ein øvingsplattform kor ein kan øva på å snakka med barn om vald og overgrep i trygge omgjevnader. Verktøyet kan brukas i barnehagar, skular og øvrige tenester involvert i arbeidet med barna. Sjå meir her og her.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar