Kva gjer PPT?
PPT står for pedagogisk psykologisk rådgjevingsteneste. PPT skal hjelpe slik at alle har eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod i barnehage og skole. Kvar kommune skal ha ei slik teneste.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
PPT sitt mandat er heimla i opplæringslova §5-6, barnehagelova §19c og friskolelova § 3-6.
Kven skal PPT hjelpe
- Barn
- Elevar
- Lærlingar
- Praksisbrevkandidatar
- Vaksne med behov for særskild tilrettelegging
Særskilte behov
Dei som treng hjelp frå PPT er ikkje ei eins gruppe. Det er ikkje naudsynt med ein diagnose. Det kan t.d. vere
- Språk- og talevanskar
- Konsentrasjonsvanskar
- Sosiale- og emosjonelle vanskar
- Atferdsvanskar
- Syn- og hørselsvanskar
- Generelle lærevanskar eller fagvanskar
- Lese- og skrivevanskar
- Matematikkvanskar
- Nonverbale lærevanskar
PPT skal sikre at barnet/ eleven får uttale seg om forhold som gjeld dei, jf. Barnekonvensjonen artikkel 12. PPT skal gjere ei barnets-beste-vurdering jf. Barnekonvensjonen artikkel 3.
System- og individretta arbeidsoppgåver
Alle har krav på eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod i barnehage og skole. I tillegg til å skrive sakkunnige vurderingar for einskildpersonar, skal PPT hjelpe barnehagar og skolar med systemretta arbeid. Dette arbeidet skal bidra til å auke kompetansen i barnehagane og skolane, slik at dei betre kan tilpasse det allmennpedagogiske tilbodet etter forutsetningane til barna og elevane.
Kommunen eller fylkeskommunen melder behov til PPT
Gjeld meldinga til PP-tenesta behov for vurdering av rett til spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning, er det kommunen/eigar eller fylkeskommunen (i praksis barnehagen eller skolen), i samarbeid med føresette/ elev som sender melding til PP-tenesta. Føresette/elev kan også sjølv sende melding til PPT, ved oppleving av behov for sakkunnig vurdering.
Sakkunnig vurdering
Før kommunen/ fylkeskommunen kan fatte vedtak om rett til spesialundervisning/spesialpedagogisk hjelp, må det liggje føre ei sakkunnig vurdering.
Vurderinga skal greie ut og ta stilling til om personen har behov for spesialundervisning/spesialpedagogisk hjelp.
Sakkunnig skal greie ut og ta standpunkt til
- Utbytte av ordinær opplæring
- Lærevanskar og særlege forhold hos personen
- Realistiske opplæringsmål
- Om vanskane kan avhjelpast innan ordinær tilpassa opplæring
- Kva for opplæring som samla vil gje personen eit forsvarleg tilbod
Du kan lese meir om PPT på Udir sine sider
https://www.udir.no/laring-og-trivsel/spesialpedagogikk/pp-tjenesten/
Kontaktpersonar
-
Astrid Løvås Pundsnes
Tlf: 51 56 88 81 -
Mette Sømme
Tlf: 51 56 87 35 -
Inger Lønning
Tlf: 51 56 87 83