Når du har behov for dispensasjon frå helsekrav til førarkort
Dette skal du lever til Statens Vegvesen, trafikkstasjonen:
- Dispensasjonssøknad (skjema) og legeattest NA202. Legeattest NA 0202 får du av fastlege, og skal fylles ut av deg og fastlege.
- Vurdering frå fastlege/spesialist (sjå nærmare opplysningar nedafor)
P.g.a. saksmengda ved embetet kan saksbehandlingstida for førerkort/kjøreseddel bli 4 uker frå me har fått dokumentasjonen, men i perioder kan det væra inntil 10 ukers behandlingstid.
Telefontid tirsdag-torsdag, 13.00-14.00.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Dokumenter blir vurdert ved Trafikkstasjon og skal sendet til Fylkesmannen som gjer vedtak etter nasjonale retningslinjer.
Behandlingstid er normalt 4-6 veker. Dersom ikkje alle dokument er sendt inn eller attest frå eigen lege/spesialist ikkje er tilstrekkelig, vil saksbehandlingstida bli betydeleg lengre.
Vi får kvart år 3-4000 brev/søknadar og har i liten grad høve til å behandla dei som har sendt søknaden seint inn.
Vurdering av fastlege/spesialist
Attesten skal alltid vere ein risikovurdering for førarkort i aktuell klasse.
Klasse A, B, M, S og T: Vurdering frå behandlande lege/eigen lege er ofte tilstrekkeleg, til dømes ved diabetes og ADHD.
Tunge klasser (tyngre kjøretøy og buss/drosje): Det krevst attest frå spesialist i aktuell sjukdom. Til dømes ved hjartesjukdom krevst det risikovurdering frå spesialist i hjartesjukdom. Inkludert i vurderinga skal vere, belastnings -EKG, Ultralyd av hjartet og 24 timers EKG.