Vurdering av lovleg opphald for EØS-borgarar – endring av praksis
Når ein EØS-borgar søkjer om tenester etter sosialtenestelova skal Nav-kontoret frå 2. februar 2018 vurdere om borgaren har lovleg opphald i Norge.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Ein EØS-borgar må ha både lovleg opphald og fast bupel for å ha rett til individuelle tenester etter sosialtenestelova. Tidlegare skulle Nav-kontoret berre vurdere om søkjaren hadde fast bupel. Ei endring i rundskrivet til sosialtenestelova punkt 1.2.2.8 medfører at Nav-kontoret på sjølvstendig grunnlag også skal vurdere om søkjaren har dokumentert lovleg opphald på søknadstidspunktet. Ein EØS-borgar kan veksle mellom ulike opphaldsgrunnlag utan at opphaldsretten nødvendigvis fell bort. Sjølv om Nav-kontoret i ei konkret sak kjem fram til at søkjaren ikkje har lovleg opphald i Noreg, har kontoret ikkje mynde til å vise borgaren bort frå landet.
Arbeids- og velferdsdirektoratet har utarbeida ein rettleiar for Nav-kontoret ved vurdering av lovleg opphald for EØS-borgarar ved søknad om tenester etter sosialtenestelova og arbeidsretta oppfølging og tiltak etter arbeidsmarknadslova.