Samla informasjon om regelverk og anbefalingar
Rundskriv I-5/2020 samlar alle forskrifter med heimel i smittevernlova, og kommunane sine lokale forskrifter med heimel i same lov. I tillegg til Helsedirektoratet sine anbefalingar og råd for å handtere koronasituasjonen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 27.04.2020
Helse- og omsorgsdepartementet har samla alle tiltak som er sett i verk, og forståinga av desse i eit rundskriv.
I rundskrivet orienterer departementet om sentrale forskrifter, med fokus på føresegner om forbod mot aktivitetar og verksemder, forholdet til Helsedirektoratets anbefalingar og kommunane sitt høve til å sjølve kunne gjere vedtak på utvalde område og tilsynsrolla.