Tildeling av midlar til kommunale omstillings- og fornyingsprosjekt 2010
Fylkesmannen har fordelt siste del av skjønsmidla for 2010 – kr 3 458 000 - til kommunane Eigersund, Sandnes, Stavanger, Haugesund, Time, Gjesdal, Suldal og Sauda. Midla går til konkrete fornyingsprosjekt kommunane har søkt om. Fleire av prosjekta er samarbeidstiltak slik at tildelinga femner vidare enn dei nemnde kommunane.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Følgjande prosjekt og kommunar er tildelt midlar
Kommune | Prosjekt | Tilskot | Samarbeid med |
Eigersund | Organisasjonsgjennomgang | 350 000 | |
Eigersund | Evaluering av integreringsarbeidet i kommunen | 150 000 | |
Sandnes | Omstillingsprosjekt - driftstilpassing | 400 000 | |
Stavanger | Stordriftsfordeler og dimensjonering av grunnenheter i kommunale tjenester | 400 000 | Sandnes |
Haugesund | Trygghetssykepleier | 400 000 | |
Hukommelsesteam | 400 000 | ||
Prosjektet "Klare" - kompetanseutvikling for arbeid med barn med autisme | 218 000 | Tysvær, Karmøy, Suldal, Vindafj.,Etne, Sveio | |
Time | Ressurskommuneprosjekt universell utforming | 200 000 | Klepp |
Gjesdal | "God oppvekst" delprosjekta "foreldresamarbeid" og "oppfølging av ungdom" | 340 000 | |
Suldal | Felles økonomi- og virksomhetsstyring | 400 000 | Strand, Hjelmeland, Sauda |
Sauda | Driftstilpassingsprosjekt | 200 000 | |
Sum | 3458000 |
I fleire av prosjekta er det ein kommune som søkjer på vegne av fleire. Tilskotet blir utbetalt til ein av kommunane, gjennom rammetilskotet. Nedanfor følgjer ein kort omtale av prosjekta som får støtte.
Eigersund kommune får kr 350 000 til prosjektet "Organisasjonsgjennomgang" som tar sikte på å etablera ein meir kostnadseffektiv organisasjonsstruktur.
Eigersund får også kr 150 000 til evaluering av integrasjonsarbeidet i kommunen, med spesielt fokus på kva utfordringar barnehagane, grunnskolane og eventuelt også vidaregåande skolar møter i integrasjonsarbeidet.
Sandnes kommune får kr 400 000 til eit økonomisk omstillingsprosjekt med fokus på effektiv ressursbruk for å kunna tilby kvalitativt gode tenester for ein vekstkommune i ein vanskeleg økonomisk situasjon.
Stavanger får saman med Sandnes kr 400 000 til eit felles forskings- og utgreiingsprosjekt om stordriftsfordeler og dimensjonering av grunneiningar i kommunale tenester. I prosjektet skal ein oppsummera eksisterande kunnskap på feltet og gjera meir empiriske undersøkingar av organisering og dimensjonering av tenestekjedene med konsekvensar for kvalitet og driftsøkonomi.
Haugesund får i alt kr 800 000 til to prosjekt innan pleie og omsorgssektoren: "Trygghetssykepleier" som tek sikte på oppnå større tryggleik og tidlegare diagnostisering av sjukdommar for eldre over 75 år, og "Hukommelsesteam" som ein måte å byggja opp eit apparat for diagnostisering og oppfølging av heimebuande innan demensomsorgen.
Haugesund kommune får også kr 218 000 til "Klare", eit interkommunalt autismeprosjekt. Gjennom metodeutvikling skal ein skapa betre livskvalitet for brukarar/elevar med omfattande tenestebehov. Prosjektet er både eit rettleiings- og eit forskingsprosjekt.Gjennomføring bygger på samarbeidsavtaler med 5 kommunar, seksjon Rehabilitering.Helse Fonna og Rikshospitalet, Autisme-enheten.
Time kommune får kr 200 000 saman med Klepp kommune til eit ressurskommuneprosjekt for etablering av eit nettverk av seks nye pilotkommunar innan universell utforming. Time og Klepp har vore pilotkommunar og skal nå vidareføra erfaringane.
Gjesdal kommune får kr 340 000 til prosjektet "God oppvekst", delprosjekta "Foreldresamarbeid" og "Oppfølging av ungdom". Innhaldet er m.a eit opplegg for heimebesøk og oppbygging av eit tverrfagleg team for oppfølging av barn og unge.
Suldal kommune får kr 400 000 saman med kommunane Strand, Hjelmeland og Sauda til eit utviklings- og kompetansehevingsprosjekt med mål å utvikla og ta i bruk fleire fellesløysingar innan drift av felles IKT-system.
Sauda kommune får kr 200 000 til eit prosjekt for vurdering av tilpassing av tenestetilbodet i kommunen. Det skal setjast ned ei prosjektgruppe som arbeider i eit trepartssamarbeid og med bruk av ekstern konsulent.
For å sikra overføringsverdien minner vi om at alle prosjekta skal vera godt dokumenterte. Det er ein føresetnad at dei kommunar som har fått prosjektskjøn rapporterer innan tre månader etter avslutning av prosjektet om kva ein har oppnådd, kva erfaringar som er gjort og kva nytte eigen/eigne kommunar og andre kommunar kan ha av prosjektet. Føremålet med dette er å auka nytteverdien gjennom spreiing av kunnskap. Det kan også bli aktuelt å presentera prosjekta på seminar o.l.
Vi gjer elles merksam på at midla vil koma som del av rammeoverføringa, dvs. i ein av dei framtidige terminutbetalingane. Dette er såleis ikkje ei særskilt tilskotsordning. Dokumentasjon på utbetaling vil ein finna på KRD sine nettsider, under Kommune- og fylkesforvaltning/ Kommuneøkonomi/ løpende inntektsutjevning og utbetaling av rammetilskudd.
Kontaktpersonar prosjekt (basert på søknadene):
- Eigersund: Karl Johan Olsen / Tore L. Oliversen
- Sandnes: Torunn S. Nilsen
- Stavanger: Øystein Zeiner
- Haugesund (1): Kristin Bie og Astrid Håland
- Haugesund (2): Marit E. Ness
- Time: Anne Reidun Garpestad
- Gjesdal: Monica J. Bjerkreim
- Suldal: Arnfinn Gundersen
- Sauda Alan G. Thompson