Bra skattevekst i landet, svakare i Rogaland
Skatteinngangen ved utgangen av september viser ein vekst på 8,2 % for landet, men berre 2,8 % for kommunane i Rogaland.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Ved utgangen av september er det ein vekst i høve til same tidsrom i fjor på 8,2 % for landet, men berre 2,8 % for Rogaland. Noko av forklaringa er ein feil i skatterekneskapen for Sauda i fjor. Held ein Sauda utanom blir veksten 3,4 %, som framleis er godt under landet. Stavanger med 1,2 % dreg ned fylkestala, og held ein begge desse kommunane utanom er veksten 4,6 %. Berre Forsand og Vindafjord har betre skattevekst enn landet.
I statsbudsjettet for 2017 er skatteoverslaget for landet for 2016 oppjustert til 8,6 %. Årsaka til meirskatteveksten er truleg ekstraordinært store uttak av utbytte til personlege skattytarar, noko som ein reknar med dreier seg om tilpassingar i forkant av skattereforma frå 2016. Dette er dermed eingongsinntekter. Det kan sjå ut til at effekten er mindre i Rogaland, for den einskilde kommune vil det elles ofte vera variasjonar av meir innkrevjingstekniske grunnar.
Kommunevise tal:
|
Vekst 14-15 % |
Vekst 15-16 % |
Eigersund |
2,1 |
4,5 |
Sandnes |
2,7 |
3,5 |
Stavanger |
3,1 |
1,2 |
Haugesund |
2,9 |
4,2 |
Sokndal |
1,3 |
4,7 |
Lund |
5,7 |
5,8 |
Bjerkreim |
3,8 |
7,2 |
Hå |
3,5 |
6,6 |
Klepp |
2,6 |
5,7 |
Time |
3,1 |
6,7 |
Gjesdal |
2,8 |
5,4 |
Sola |
7,9 |
3,0 |
Randaberg |
2,2 |
3,5 |
Forsand |
2,2 |
11,9 |
Strand |
1,5 |
6,3 |
Hjelmeland |
4,0 |
3,9 |
Suldal |
1,3 |
1,6 |
Sauda |
58,9 |
-43,2 |
Finnøy |
-0,8 |
4,4 |
Rennesøy |
4,0 |
5,3 |
Kvitsøy |
4,1 |
-1,0 |
Bokn |
3,2 |
2,5 |
Tysvær |
3,0 |
3,8 |
Karmøy |
2,8 |
5,1 |
Utsira |
0,0 |
-13,6 |
Vindafjord |
2,2 |
8,8 |
Rogaland |
3,7 |
2,8 |
Landet |
5,2 |
8,2 |
Rogaland u. Sauda |
3,2 |
3,4 |
Utan Sauda og Stvgr. |
3,2 |
4,6 |