Orientering om skjønstildelinga for 2017

I rammetilskotet til kommunane (kap. 571), jf. Grønt hefte tabell 1-k, er det som i tidlegare år ein sum som er fordelt av fylkesmennene etter skjøn. Vi gir her ei orientering om hovudmomenta ved tildelinga av skjønsmidlar for 2017.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.10.2016

Føremål og rammer for fordelinga.

Hovudkriteriet ut frå Kommunal- og moderniseringsdepartementets retningslinjer  er at skjønstildelinga bør

«ta hensyn til utgiftskrevende forhold av betydning som kommunene ikke kan påvirke selv, og som ikke er fanget opp i inntektssystemet eller andre faste tilskuddsordninger. Dette kan være forhold av uforutsett, midlertidig eller mer langvarig karakter.»

Det heiter også m.a. at ”kommuner som ikke iverksetter tiltak for å gjenopprette økonomisk balanse ikke kan tildeles skjønnsmidler med begrunnelse i kommunens økonomiske situasjon”.

Samla ramme for skjønstilskot for landet 2017 og føregåande år (mill kr):

 

 

2017

2016

2015

2014

2013

Kommunane

1 701

1 928

2 022

2 141

2 175

Fylkeskommunane

659

619

488

512

509

I alt

2 360

2 547

2 510

2 653

2 684

Kommunane,   ordinært skjøn

1 191

1 291

1 291

1 491

1 477

Komp. omlegging   2011

-

400

400

400

400

Uføresett,   prosjekt m.m. (KMD)

510

237

331

250

298

 

Samla ordinær skjønsramme for kommunane er 1 191 mill. kr, ein reduksjon på 100 mill. kr frå 2016. Av dette går 67,6 mill. kr til kommunane i Rogaland, det same som for 2016.

Inntektssystemet blir endra frå 2017 og dermed fell kompensasjonen for førre endring i 2011 bort. (Av dette gjekk 57 mill. kr til kommunar i Rogaland). Det er for 2017 sett av 300 mill. kr til kommunar som skal slå seg saman i 2020, men som vil få redusert basistilskot fram til då, 120 mill. kr til uføresette hendingar, 40 mill. kr til prosjektskjøn og 50 mill. kr til infrastrukturtiltak i kommunar som vil slå seg saman, i alt 510 mill. kr.

I Grønt hefte, tabell 1-k, side 82 og 84, er fordelt  kr 51 600 000 til kommunane i fylket. Kr       16 000 000 er ufordelt. Dette vil bli fordelt seinare, dels til språkdelingsgrupper rundt årsskiftet når nødvendige data ligg føre, og dels til utviklingsprosjekt neste år i juni med søknadsfrist i april.

Nærare om fordelinga for 2017 i Grønt hefte

Fram til og med 2014 fekk dei tre kommunane i fylket som fekk høgare arbeidsgivaravgift i 2007 kompensasjon gjennom skjønsmidlane, etter berekningar frå departementet. Frå 2015 har departementet lagt desse midlane inn i basisramma, samstundes som denne blei redusert. I grove trekk er fordelingsprofilen her uendra, men ein må rekna med at dette kan endrast over tid.

Dei viktigaste omsyna i tildelinga elles har vore kommunar med høge utgifter pr innbyggjar til ressurskrevjande tenester og kommunar som har særlege utfordringar når det gjeld rus/psykiatri. Kostnadsnøkkelen for rus/psykiatri blei lagt om i 2004 og kommunar som i særleg grad tapte på omlegginga har fått kompensasjon for dette. Profilen for kompensasjonen for særleg høge utgifter til  ressurskrevjande er nokolunde den same som for 2016, men ajourførte data gjer at utslaga endrar seg noko. Desse utgiftene er svært ujamt fordelt og vi har derfor funne det rett å leggja ein viss kompensasjon til kommunar som har nettoutgifter pr innbyggjar godt over snittet. For rus/psykiatri er profilen for tildelinga den same som inneverande år.

For 2007 blei det lagt inn midlar til kommunar som tapte på innlemminga av tilskot til skyss av helsepersonell i rammetilskotet. Dette gjeld legevaktsamarbeidet i Ryfylke med kommunane Hjelmeland, Finnøy, Rennesøy og Kvitsøy. Pga. stor kostnadsauke blei dette auka i 2010. Desse tildelingane  har vore vidareført i etterfølgjande år, men er også justert for rammereduksjon.

Fordeling så langt, dvs. nærare spesifisering av beløp i Grønt hefte (1000 kr):

 

 

Ress. krev høge utg.

Psyk/rus

Skyss helse

Etter skjøn elles

Sum ordinært skjøn  2017

Eigersund

 

 

 

1 800

1 800

Sandnes

 

 

 

 

0

Stavanger

 

 

 

 

0

Haugesund

 

6 000

 

 

6 000

Sokndal

 

 

 

800

800

Lund

 

 

 

1 000

1 000

Bjerkreim

 

 

 

 

0

 

 

 

 

0

Klepp

 

 

 

 

0

Time

 

 

 

 

0

Gjesdal

 

 

 

600

600

Sola

 

 

 

 

0

Randaberg

5 000

 

 

 

5 000

Forsand

 

 

 

 

0

Strand

 

1 000

 

1 600

2 600

Hjelmeland

 

 

1 000

 

1 000

Suldal

 

 

 

 

0

Sauda

 

1 000

 

5 600

6 600

Finnøy

 

 

2 000

4 600

6 600

Rennesøy

 

 

800   

200

1 000

Kvitsøy

 

 

400   

1 200

1 600

Bokn

 

 

 

1 500

1 500

Tysvær

3 500

 

 

 

3 500

Karmøy

 

 

 

2 500

2 500

Utsira

1 000

 

 

500

1 500

Vindafjord

 

 

 

8 000

8 000

Fordelt

9 500

8 000

4 200

29 900

51 600

Rest

 

 

 

 

16 000

Sum

 

 

 

 

67 600

 

Resten av skjønsmidla for 2017 – språkdeling og innovasjon

Dei ufordelte midla, kr 16 000 000,  tek vi sikte på å fordela i to rundar:

1. Språkdeling, ved årsskiftet. Kommunar som har utgifter til språkdeling som følgje av regelen om at når minst ti elevar på eitt av årstrinna 1.-7 i ein kommune ønskjer undervisning på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedtatt, har dei rett til å tilhøyra ei eiga elevgruppe, jf. Opplæringslova § 2-5. Fylkesmannen skal  vurdera om kommunane har behov for dekning av slike meirkostnader.

Midlane vil bli fordelt på grunnlag av GSI-data og tilbakemeldingar frå kommunar som har språkdelingsgrupper og kan grunngi at dei treng slike midlar.

2. Fornyings- og innovasjonsprosjekt, i mai / juni neste år. Det har ein god del år vore ei eiga ramme til fornyings- og utviklingsprosjekt kommunane ønskjer å gjennomføra for å utvikla dei kommunale tenestene. I tråd med  innovasjonsstrategien for kommunane som blei lansert i 2013 ønskjer ein at tilskot nå i større grad skal bli gitt til innovasjonstiltak, og innovasjonsprosjekt vil dermed bli prioritert innafor ramma. Dette kan gå ut på å finna meir effektive måtar å organisera og utøva tenestene på, men også at ein  søkjer å finna måtar å tilby kvalitativt betre tenester til innbyggjarane.

I år er tildelt i alt 5,05 mill. kr  til innovasjonsprosjekt. Vi tek sikte på å halda ved lag denne satsinga. Det vil koma meir om dette seinare, men ein kan alt nå ta til med å førebu slike søknader. Det er nå innført ein nettbasert søknadsprosedyre, felles for heile landet.\

Eventuelt restskjøn pga. uføresette tilhøve vil det også vera mest naturleg å ta opp i samband med desse to tildelingsrundane.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.