KOSTRA-rapportering for 2019
Kommunane, dei interkommunale selskapa og kommunale føretaka skal rapportere skjema og filuttrekk til Statistisk sentralbyrå (SSB) innan 17. februar 2020. Tenestedata og rekneskapstal inngår i nøkkeltal og grunnlagsdata om ressursbruk og tenester mv. i kommunesektoren.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fristar:
- Rapporteringa kan begynne 2. januar 2020.
- Frist for rapportering av helse- og omsorgstenester, helse- og omsorgsinstitusjonar, sosialhjelp, kvalifiseringsstønad og barnevern er 15. januar 2020.
- For tenesteskjema elles og rekneskapsdata er fristen 17. februar 2020.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har fastsett mål for fylkesmannsembeta om at tal feil i KOSTRA-rapporteringa skal reduserast vesentleg samanlikna med 2018. Fylkesmannen skal bidra til oppfølging og kvalitetssikring av KOSTRA-rapporteringa og vil ta kontakt med kommunar der det er manglar eller åpenbare feil i tala.
Alle skjemaer skal sendast inn
Kommunar som ikkje har enkelte ordningar, for eksempel eigedomsskatt, skal uansett sende inn det aktuelle KOSTRA-skjemaet og krysse av for at det ikkje er noko å rapportere. Dette er viktig for SSB si oversikt over kven som har rapportert og for at vi skal få korrekte berekningar på regions- og landsnivå.
Treng du hjelp?
Treng du assistanse i forbindelse med rapporteringa, har SSB sin eigen brukarteneste som du kan kontakte via kostra-support@ssb.no eller på telefon 62 88 51 70.
SSB oppfordrar kommunane til å opprette ei upersonleg e-postadresse til KOSTRA-rapporteringa, for eksempel KOSTRA@XXXX.kommune.no.
Nye reglar for KOSTRA-rapportering for 2020
Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har fastsatt ny KOSTRA-forskrift. Kommunane skal bruke den nye forskrifta frå 1. januar 2020, men rapporteringa for 2019 følger dagens reglar.
Bruk av KOSTRA-data i styring og utvikling av kommunane
Kommunane skal aktivt bruke KOSTRA-data i styring av verksemda. Fylkesmannen vil legge til rette for deling av gode praksisar og analysar ved samlingar for kommunane det komande året. Ta gjerne kontakt med oss med innspel på aktuelle tema.
Nyttige lenker og dokument
Vedlagt finn du lenker til SSB si innrapporteringsside med oppslagshefte for rekneskapsrapporteringa og KMD si informasjonsside med KOSTRA-rettleiar.
Interessert i kommunal styring?
Du kan abonnere på artiklar og nyheiter frå Fylkesmannen i Rogaland her