Etne vil til Rogaland
På måndag gjorde formannskapet i Etne klart vedtak om å starta nabopraten med kommunar i Rogaland i det vidare arbeidet med ny kommunestruktur. Det betyr at Etne ikkje vil bli med i ein eventuell storkommune i Sunnhordaland.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 03.06.2015
Etne kommune ønskjer å gå i dialog med Vindafjord, Sauda og Suldal om å utgreia ny kommune. Alternativet Etne og Vindafjord er også vurdert som aktuelt av Etne-politikarane.
Dermed gjer Etne som ein annan hordalandskommune, Sveio; søkjer mot nabokommunane i Rogaland. I Etne skal tidsplan og rammer for utgreiinga leggjast fram til politisk godkjenning etter ferien.
I høgremargen finn du saksutgreiinga og vedtaket til formannskapet i Etne.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13