Nytt rundskriv om inndelingslova
I samband med oppstarten av kommunereforma har Kommunal- og moderniseringsdepartementet utarbeidd eit nytt rundskriv (H- 8/14) til lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova).
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Rundskrivet erstattar rundskriv H-01/07.
Departementet skriv i oversendingsbrevet:
"Inndelingslova gir reglar om prosessane ved endring av kommune- og fylkesgrenser. Det er ikkje gjort endringar i sjølve lova, men det nye rundskrivet forklarar korleis ein skal forstå og praktisere lova. Rundskrivet inneheld kommentarar til den einskilde paragrafen i lova. Rundskrivet supplerer dei andre verktøya departementet har utarbeidd til bruk i kommunereforma. Rundskrivet er publisert på regjeringen.no og kommunereform.no
Vi vonar at rundskrivet vil vere til nytte for alle som tek del i prosessane i saker om inndelingsendringar."