Rammeavtale for gjennomføring av innbyggjarundersøkingar
For å hjelpe kommunane med å gjennomføre innbyggjarundersøkingar har Kommunal- og moderniseringsdepartementet i juni 2015 inngått ein rammeavtale med Opinion AS.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I kommunane sitt arbeid med kommunereforma er god informasjon, medverknad og høyring av innbyggjarane sine meiningar viktig. Avtalen som er gjort med Opinion har som formål å gjere det enklare og billigare for kommunane å gjennomføre innbyggjarundersøkingar.
Involvering kan gjerast på ulike måtar
Involvering, medverknad og høyring av innbyggjarane kan skje på fleire måtar, til dømes
- folkemøte
- folkehøyringar for utvalde grupper
- gjennomføre innbyggjarkartlegging/-undersøking
- nettsider og sosiale media
- folkerøysting
Det er opp til kommunane sjølve å velje eigna måtar som legg til rette for brei medverknad av innbyggjarane i reformarbeidet.
Kommunane kan tilpasse undersøkinga
Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) presenterte i februar eit verktøy for innbyggjarundersøking, med rettleiing og døme på spørsmål til innbyggjarane. Samtidig blei det laga rettleiande kvalitetskrav til gjennomføringa, som skal sikre kommunane gode undersøkingar. Desse krava vil Opinion AS oppfylle.
Avtalen med Opinion AS gjeld fram til kommunane skal fatte endelege vedtak i reforma, innan juni 2016. Opplegget med innbyggarundersøkingar må tilpassast lokale tilhøve, og kommunane kan sjølve leggje til spørsmål ut i frå sine behov. Kommunar som ønskjer å bruke avtalen, tek direkte kontakt med Opinion AS.
Gode døme
Distriktssenteret har laga eit oversyn over døme på innbyggarundersøkingar som er gjort av kommunar rundt om i landet. Her kan det vere gode døme å finne.
Meir informasjon om avtalen:
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13