Statusbrev til kommunane
Fylkesmannen sender i desse dagar ut eit brev til kommunane med eit tilbakeblikk på kommunereformprosessen i Rogaland, og litt om korleis vi ser føre oss vegen vidare fram mot endelege vedtak i 2016.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Vi sendte ut eit informasjonsbrev i november 2014, der hovudføremålet var å medverke til at kommunane starta opp arbeidet med kommunereforma. Vi annonserte samstundes om høvet til å få tildelt skjønnsmidlar til reformarbeidet, og alle kommunar har nå fått slik tildeling. Brevet vi no sender tek utgangspunkt i status per august og vegen vidare for reformarbeidet.
Naboprat
Mange kommunar er no i ein fase der det skal takast konkret stilling til kva nabokommunar som skal inviterast til naboprat, og om det kan vere aktuelt å starte arbeidet med intensjonsavtalar.
Involvering av innbyggjarane
Alle kommunar står no føre eit viktig arbeid knyta til informasjon til innbyggjarane, og det å leggje til rette for involvering og medverknad. Dette blir ei viktig oppgåve i reformarbeidet framover, og brevet viser til måtar å gjere dette på. Vi har mellom anna vist til døme på innbyggarundersøkingar som ligg på Distriktssenteret si nettside.
Nye folkevalde
I brevet har vi opplyst at vi, saman med KS, gjerne kan bidra med informasjon om kommunereforma til nyvalde politikarar.
Vi har også annonsert at det blir ei prosess-samling for alle kommunar den 28. oktober 2015.
Du finn brevet i høgremargen.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13