Høyringsuttale til temaplan for klima- og miljø i landbruket i Stavanger
Stavanger kommune har sendt på høyring temaplan for klima- og miljø i landbruket 2020 – 2030. Her kan de sjå Statsforvaltaren i Rogaland sine innspel.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 08.02.2021
Stavanger er foreløpig einaste kommunen i Rogaland med ein eigen plan for klima- og miljø i landbruket. Kommunen har ambisiøse mål når det gjeld klimaomstilling og miljøvern, og eit av satsingsområda i kommunen er å vera ein grøn spydspiss i regionen. Temaplanen inneheld mange gode tiltak, og vil vera eit godt verktøy for arbeidet med klima og miljø i landbruket dei neste åra.
Forslaget til temaplan finn de på Stavanger kommune sine nettsider.
Høyringsfrista er 10. februar.