Søk støtte til klimatiltak frå Bionova
Bionova er eit verktøy for satsingar på bioøkonomi og klimatiltak innan jordbruk, skogbruk og havbruk. Bionova er etablert som ein del av Innovasjon Norge, og trer i kraft 1. januar 2023. Bønder og skogeigarar som har planar om å bygge anlegg for produksjon av fornybar energi kan søke støtte.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Innovasjon Norge kan gi støtte til investeringar, utgreiingar og til kompetansetiltak. I statsbudsjettet er det sett av 87 540 000 kr til Bionova. Per i dag inngår Bioøkonomiordninga og Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket. Samla løyving som Bionova forvaltar blir med det 249,5 mill.kr for 2023.
Bionova blir leia av Innovasjon Norge sitt regionkontor i Brumunddal, men saksbehandling vil skje som i dei ulike regionkontora som tidlegare. Innovasjon Norge har inngått ein samarbeidsavtale om grøn vekst med Forskningsrådet, Enova, Gassnova og SIVA. Det gir eit godt grunnlag for å samarbeide om Bionova-prosjekt innan klima og miljø.
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66