Kurs i marknadshage

Med gode handreiskap er jobben fortare gjort, her på Kjøkkenhagen på Ådland. Foto: Annabell Pfluger

Skal du begynne med grønsaksdyrking i liten skala for sal? Sett av dagane 19. - 20. oktober og 9. - 10. november 2022!

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.09.2022

Kurset vil passe for alle som har prøvd litt grønsaksproduksjon, men som nå ønsker å satse seriøst med sal av eigenproduserte grønsaker. Du som har drive grønsaksproduksjon i nokre år og vil forbetre produksjonen og oppdatere deg fagleg, vil også få godt utbytte av kurset.


Kurset er satt opp over fire dagar: 19. - 20. oktober og 9. - 10. november 2022 og varer frå kl 09:00- ca. 15:30.
Stad: Særheim. Stad kjem.
Deltakaravgift: Medlemmer i NLR kr. 2200,-. Ikkje medlemmer kr 3000,-.
Påmelding her innan 3.oktober

Kurshaldaren, Hans Gaffke, er rådgivar i NLR Øst. Han er utdanna i hagebruk frå Ås og har lang erfaring som rådgivar og med praktisk dyrking av grønsaker på eiget gardsbruk. Gjesteinnlegg ved fleire lokale dyrkarar.


Program

19.oktober klokka 9:00-15:30

Hans Gaffke:

Val av dyrkingsopplegg.

Etablering av markedshage.

Plassering, leplanting.

Jord, jordliv, gjødsling.

Vekstskifte, fangvekstar, husdyrgjødsel, grøngjødsling.

Kl 9:30 Randi Klingsheim Bø og Tormod Bø, Anda andelsgard. Erfaringar med oppstart av andelslandbruk.

20.oktober klokka 9:00-15:30

Hans Gaffke:

Markedshage - arbeid gjennom sesongen.

Oppal, våronn, ugras, insekt, innhausting, lagring.

Reiskapar tilpassa småskala grønsaksdyrking.

Kl 10:00 Kari Aarekol, grønsaksrådgivar i NLR Rogaland. Innlegg om dei mest vanlege sjukdommar og skadedyr.

9.november klokka 9:00-15:30

Hans Gaffke:

Små kulturar på friland.

Småskala tomat og agurk i uoppvarma tunnel.

Kl. 10:00 Tone Lill Molund, Bakken andelsgård. Erfaringar med andelsgard og pløyefri grønsaksproduksjon.

10.november klokka 9:00-14:30

Hans Gaffke:

Planlegging, økonomi.

Foretaksplanlegging.

Dyrkingsplanlegging, innføring i planleggingsverktøy.

Effektivisering etter LEAN prinsipp.

Kl. 13:30 Olav Tegle, Innovasjon Norge. Tilskotsmoglegheiter.

 

Arrangørar: NLR Rogaland og Statsforvalteren i Rogaland.

 

Kva er ein marknadshage?

Dyrkingskonseptet marknadshage er ei arbeidsintensiv dyrking av vekstar på avgrensa areal med høg marknadsverdi til direkte og/eller lokal omsetnad.Typiske kjenneteikn for marknadshage: Dyrking på faste bed. Stort mangfald av vekstar, som gjerne er rasktveksande. Heller planteoppal framføre direkte såing. Høg jordfruktbarhet. Høg plantetetthet. Minimert jordarbeiding. Lågt eller moderat investeringsbehov.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.