Sirkulærøkonomi på sitt beste
Landbruket har gode føresetnader for å bli ei reindyrka ressursnæring, der ordet avfall er sletta frå vokabularet. Ressursane går inn i nye økonomiske kretsløp med ny verdiskaping. Reve Kompost AS har dette som forretningsidé
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Frå lita familiebedrift til stort anlegg
Reve Kompost AS på Jæren er ei lita familiebedrift med ein historie som strekk seg over 50 år. Thore Refve er pioneren og starta tidleg med kompostering. Prøving og feiling var uunngåeleg, og etter nokre år hadde han oppskrifta på kompost av rett kvalitet. Bedrifta som blei etablert i 2004 er mottakar av ulike organisk fraksjonar. Desse blir komposterte og resirkulert til jordforbetrings- og gjødselprodukt. Dagens anlegg er truleg eit av dei mest moderne vi har i landet.
Nye generasjonar har overteke og omsetnaden i 2019 var på drygt 8,1 millionar kronar. Det er gjennom åra investert over 30 millionar kroner i anlegget. Her får bedrifta inntekter ved både «inngangen» og «utgangen». Det tas sjølvsagt betalt for både mottak og for sal av ulike produkt. Bedrifta kan årleg ta imot inntil 25 000 tonn organisk materiale. Dette ligg i den offentlege godkjenninga, som set klare krav til mottak, lagring og handsaming. Reve har godkjenning for å handtere husgjødsel, fôr (kraftfôr og fiskefôr), ulike organiske fraksjonar frå park/hage, gartneri, møller og treflis, spon. Vidare kan bedrifta kompostere slakteriavfall (vominnhald) og marine fraksjonar som tare og taremel.
Kvalitetssystem må vere på plass
Ein slik miks av ulike organiske fraksjonar set klare krav til kompetanse og etterlevd kvalitetssystem. Det har Reve kompost. Myndigheitene, kanskje først og fremst ved Mattilsynet og fylkesmannen, har gjennom åra utfordra bedrifta på nettopp dette, og har utført fleire tilsyn. I botn ligg det at dialogen mellom bedrifta og myndigheitene er konstruktiv. Reve kompost skal ha skrøyt for å drive eit kunnskapsbasert og systematisk utviklingsarbeid. Mange års samarbeid med NIBIO, Norsk landbruksrådgiving og mange andre aktørar i bransjen har gitt gode resultat.