Tenkjer du å søkje om erstatning for avlingssvikt på grovfôr?
Søknadsfristen er 31. oktober, men det er allereie no mogleg å søkje om forskotsutbetaling. Det kan betalast ut inntil 70 % forskot. Sidan endeleg dokumentasjon på årets avling ikkje er klar enno, må desse søknadene ta utgangspunkt i anslåtte avlingar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
På grunn av den ekstraordinære situasjonen med tørke no i 2018 er det i år gjort nokre tilpassingar i regelverket for avlingsskadeerstatning. Då Rogaland ligg i område som er ramma av tørken, er det ikkje nødvendig å få kommunen til å dokumentera at avlingssvikten skuldast tørke.
Avlingsskade grovfôr på grunn av klima - kven bør søkje forskottsutbetaling?
Den som søkjer forskotsutbetaling bør vere rimeleg sikker på at den totale avlinga for 2018 blir lågare enn 70 % av normavling. Dette på grunn av eigendelen på 30 %. Når det gjeld erstatning for avlingssvikt på grovfôr, gjeld eigne reglar for dei som produserer grovfôr til eigne husdyr. Det er ikkje gjennomsnittsavlinga du vanlegvis har som blir lagt til grunn, men det er utarbeidd faste normavlingar som varierer alt etter kva kommune du driv føretak i.
Normtal for Rogaland for tal fôreiningar per dekar
Kommunar |
Normavling i FEm per dekar |
|
Fulldyrka |
Overflatedyrka |
|
Sandnes, Stavanger, Sola, Hå, Klepp, Time, Randaberg, Finnøy og Rennesøy |
700 |
560 |
Eigersund, Haugesund, Kvitsøy, Bokn, Tysvær, Karmøy, Utsira og Vindafjord |
580 |
460 |
Lund, Bjerkreim, Gjesdal, Sokndal, Forsand, Strand, Hjelmeland, Suldal og Sauda |
540 |
430 |
Skade over 30 % kan erstattast. Det betyr avling som er minst 30 % under normtala over. F.eks. for Jærkommunane blir dette for fulldyrka mark 700 FEm – 30 % = 490 FEm. Dersom det er sannsynleg at grasavlinga for heile året blir mindre enn 490 FEm per dekar, ja då er det aktuelt å søkje om erstatning. For dei andre to områda blir tilsvarande tal 406 FEm og 378 FEm.
Så kan vi gjere dette endå meir handfast. Rettleiande middelvekt for ein rundballe av ensilert gras er 750 kg og med 4,7 kg fôr per FEm, noko som gir snautt 160 FEm per rundballe. For Jærkommunane blir då 490 FEm per dekar 3 rundballar per dekar og for dei andre områda 2,5 og 2,3 rundballar. Så reint praktisk; blir årets avling mindre enn 2,5 – 3 rundballar per dekar, då kan ordninga med erstatning vere aktuell.
Korleis søkje
Vi vil absolutt tilrå at søknaden blir levert elektronisk via Altinn. Søkjer du elektronisk blir mange av opplysningane fylt inn automatisk, og du kan vere sikker på at søknaden kjem fram til rett instans. Du får også rettleiing undervegs når du fyller ut søknaden. Landbruksdirektoratet har laga ein video som viser korleis ein kan logge seg inn for å søkje om erstatning.
Dersom søknaden gjeld søknad om forskotsutbetaling, må søkjar skrive i feltet «Beskrivelse av skadeårsak» i det elektroniske søknadsskjemaet, at søknaden gjeld forskotsutbetaling.
Ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen om du har spørsmål om erstatningsordninga, og om du treng hjelp til elektronisk søknad.
Kontaktpersonar
-
Nono Dimby
Tlf: 51 56 89 78