Auka beløpsgrense for prisvurdering ved konsesjon
I eit nytt rundskriv blir den nedre beløpsgrensa for prisvurdering av utbygde konsesjonspliktige landbrukseigedomar heva frå 1.5 millionar kr til 2.5 millionar kr. Målet er auka omsetning av landbrukseigedomar og styrking av busettinga i distrikta.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 04.12.2012
Landbruks- og matdepartementet fastset i rundskriv M-2/2012 ei endring av rundskriv M-1/2010. Beløpsgrensa gjeld, som tidligare, eigedomar med bustad som har ein brukbar standard og der kjøpar kan tilflytte eigedomen. Rundskrivet trer i kraft straks.
Meir informasjon finn du her: