Kommunar og vaktdistrikt kan no søkje om stimuleringstilskot til veterinærtenester for 2023
Tilskotet skal bidra til å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake områder på dagtid. Frist for å søkje er 5. april 2023.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Ordninga skal bidra til å sikra tilfredstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake områder på dagtid. Dei mest aktuelle stimuleringstiltaka er etableringsstøtte, driftsstøtte samt å oppretthalde kommunale veterinærstillingar der den tilsette kan bidra til å løyse ulike oppgåver i kommunen der veterinærkompetanse trengst.
Landbruksdirektoratet har laga ein rapport som syner næringsgrunnlaget i kommunen. Alle kommunar kan søkje, men Statsforvaltaren skal fordele midlane der det er størst behov. Fleire kommunar kan samarbeide og sende felles søknad for eit vaktdistrikt. I slike tilfeller skal administrasjonskommunen søkje.
Stortinget har løyvd totalt 34,282 millionar kroner i stimuleringstilskot til veterinærdekning for 2023. Dette er 881 000 kroner meir samanlikna med 2022. Statsforvaltaren i Rogaland har fått 583 000 kroner til fordeling i 2023, som er ein auke på 15 000 kroner frå 2022.
Lever søknaden i Altinn
Kommunen søkjer via Altinn om stimuleringstilskot. Skjemaet heiter "stimuleringstilskot til veterinærdekning". Søknadsfristen er sett til 5. april 2023.
Prioriteringar for tilskot
Statsforvaltaren vil prioritere stimuleringstilkot til:
- Kommunar med dårleg næringsgrunnlag for veterinærar og/eller lågt dyretal og krevjande infrastruktur.
- Kommunar med vanskar med å rekruttere og halde på veterinærar
- Der stimuleringstilkotet er hensiktsmessig for å bidra til å sikre tilfredsstillande tilgang på dyrehelsepersonell.
Rapporteringsfrist for kommunar
Rapporteringsfrist om bruk av tildelte midlar er sett lik fristen for å søkje om stimuleringstilskot, det vil seie 5. april 2023.
Kontaktpersonar
-
Janne Breivik
Tlf: 51 56 87 85