Fjordmenyar klare for Berlin

For tredje gong er dei fire fjordfylka på Vestlandet klare for felles satsing på mat- og reiselivsmessa "Grüne Woche" i Berlin 17. – 26. januar 2014.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.11.2013

- Heile 17 bedrifter frå Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland skal ta med seg sine spesialitetar til Berlin. I går møttest fjordfylka på eit smaksverkstad i Bergen der råvarene blei testa ut og gruppa sveisa saman, opplyser prosjektleiar Kari Birgitte Melvær Wiig frå Måltidets Hus. Mo laksegard, Nesheimstunet, Hanasand gård & kjøkken og Lysefjorden sjokolade er matprodusentar frå Rogaland som skal delta på Grüne Woche.

Arbeidsgruppa for region Vestlandet består av representantar frå landbruksavdelingane hjå Fylkesmannen i Hordaland, Møre og Romsdal og Rogaland samt Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane og Rogaland, og Fjord Norge AS.

Link til deltakarar frå Rogaland:
http://www.molaks.no/
http://nesheimstunet.no/
http://www.hanasandgard.no/home
http://www.lysefjordensjokolade.no/

Fakta for Grüne Woche:

  • Har 400-500.000 besøkande kvart år
  • 5000 journalistar frå 70 land er venta til Berlin
  • Noreg sin stand er på 350 kvm, og vi deltak for 27. gong
  • Blir arrangert for 79. gong, og er eit internasjonalt samlingspunkt for mat og landbruk. I tillegg har hotell- og restaurantnæringane stort utbytte av å delta som ein del av reiselivsnæringa.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.