Lokalmat berre eit tastetrykk unna
Etterspørsel etter lokalmat veks kraftig, men
det er ikkje alltid like enkelt å få tak i den. Matmerk har derfor lansert ein portal
for å gjere lokalmat meir synleg og tilgjengeleg for forbrukarane.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
- Vil du vise fram lokalmaten din til fleire innkjøparar, spør Matmerk matprodusentane. Matprodusentane må i så fall leggje inn opplysningar om produkta på lokalmat.no.
Lokalmat.no er bransjeportalen som samlar lokalmat frå heile Noreg på ein stad - og blir det viktigaste bindeleddet mellom lokalmatprodusentar og innkjøparar i daglegvare- og restaurantbransjen.
Lokalmat.no er nettopp opna for gratis registrering for produsentar. Produsentane opprettar sjølv sin eigen profil og legg inn produkt med nøkkelinformasjon og omtale.
Kjøpmenn, kokkar, kjøkkensjefar og andre innkjøparar over heile Noreg kan enkelt søke på kategori og fylkje for å finne produkt.
Det er enkelt for produsentane å dokumentere mattryggleik gjennom ein felles sjekkliste som heile bransjen står bak.
Matmerk er ansvarleg for den nye portalen, som er eit samarbeid med heile bransjen, - Norgesgruppen, Coop/Ica, Rema, Bunnpris, Servicegrossistene, Nores, Systemkjøp og NHO Innkjøpskjeden.
Matmerk køyrer nå konkurranse der premien er ei gastronomisk oppleving på eit av «De Historiske - hotel & spisesteder».
Ønskjer du meir informasjon? Ta kontakt med Matmerk:
Kay Nilsen, prosjektleiar
Epost: lokalmat@matmerk.no
Mobil: 916 96 488