Matsmiå 2016 er i full gang!
Heile 86 personar er i full aktivitet på Matsmiå 2016. Her deltek dei på kurs som "brødbakst", "mjølk på ymse vis" og "friske og fruktige kaker og dessertar". Eli M. Serigstad hjå Fylkesmannen er så langt svært fornøgd med oppmøte og gjennomføring.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Matsmiå blir gjennomført på Karmsund VGS 10.-11. februar i regi av Kompetansenettverket for lokalmat sør, Fylkesmannen i Rogaland, Innovasjon Norge, Karmsund vgs/Rogaland fylkeskommune og Bygdeutvikling Haugalandet.
Inspirasjon, innovasjon, nettverksbygging og kompetanseheving er grunntankane bak arrangementet. I artikkelen i Haugesunds avis kan du høyre korleis to av deltakarane, Anita Øvregård og Kjell Vidar Øglænd som begge er bønder, fekk inspirasjon til å satse på kortreiste spesialitetar. Øvregård produserer flatbrød og Øglænd kjøtprodukt av kalv.