Verdas matvaredag

16. oktober er verdas matvaredag. Dagen er blant anna meint å minne oss om at mange menneskje fortsett svelt. Sjølv om vi i Noreg i det daglege ikkje opplever mangel på mat, er situasjonen i mange utviklingsland ein ganske anna.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.10.2019

Klimaendringar, folkeauke og konfliktsituasjonar er derimot truslar mot den globale matsikkerheita som også vil kunne påverke oss i vårt land. Korleis vi bruker våre jordbruksareal er difor viktig for vår eiga matsikkerheit.

Svoltproblemet i verda - ein stor utfordring

821 millionar menneske, eller om lag 13 prosent av verdas folk er i dag ramma av svolt. Med svolt tenkjer vi både på feilernæring, underernæring og aller verst - hungersnaud. Kvart år dør nærare 3 millionar barn under 5 år som følgje av svolt. Nærare 2 milliardar menneske opplever i periodar manglande matsikkerheit. Sjølv om produktivitetsvekst og modernisering av landbruket har medverka til større matvareproduksjon, er det naudsynt å jobbe for betre matsikkerheit til alle. Matsikkerheit er å ha tilgjenge til nok trygg- og næringsrik mat, for å kunne leve eit normalt og sunt liv. Dette handlar både om kor mykje mat som er tilgjengeleg i eit samfunn og i kva grad folk har tilgang til den. Det er mange faktorar som kan truge matsikkerheita, som tørke, flaum, konflikt, aukande folketal, fattigdom og økonomisk ustabilitet.

Aukande folketal og alder

I dag er det rundt 7,7 milliardar menneske i verda, ifølge tal frå FN. Årleg veks jordas folketal med 80 millionar, og ventast å auke med 2 milliardar dei neste 30 åra. FNs befolkningsrapport fortel også at verdas folk blir stadig eldre. For første gang i historia er det nå fleire personar som er 65 år eller eldre enn barn under 5 år. Dette kan få innverknad på den økonomiske utviklinga framover i både u-land og i-land.

Familie- og småskala-landbruket er viktig for verdas matproduksjon

70 prosent av maten som produserast i verda kjem frå familie- og småskala-landbruk. 40% av jordas folk har sin hovudinntekt frå landbruk, dei fleste i fattige utviklingsland. Det er desse folka og dette småskala-landbruket som rammast hardast av tørke, flaum eller andre faktorar. Dei akselererande klimaendringane som verda opplever utgjer ein aukande trussel mot matvareproduksjonen i mange land. Kirkens Nødhjelp fortel at 45 millionar menneske i det austlege og sørlege Afrika er ramma av matmangel grunna manglande regn. Brønnane går tomme og grunnvatnet minkar. Vi høyrde nyleg på nyheita at tørken i Somalia er den verste på over 50 år. 

Korleis jobbar FN med svolt og matsikkerheit? 

Retten til mat er definert som ein menneskerett, fastsett i FN-erklæringen om menneskerettigheter allereie i 1948. Retten til mat er seinare tatt med i fleire internasjonale konvensjonar, blant anna omtalt i FNs konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettigheter (1966). FN sine berekraftsmål er også ein viktig del av FN sitt arbeid for å redusere svoltproblema i verda.

Desse FN-organisasjonane jobbar med svolt og matsikkerheit:

  • FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO – Food and Agriculture Organization) har hovudfokus på produksjon og distribusjon av landbruksprodukt i utviklingsland, samt tiltak for å betre skogbruk og fiskeri.

  • FNs matvareprogram (WFP - World Food Programme) skal kjempe mot og redusere svolt gjennom matvarehjelp, både naudhjelp og langsiktig utviklingshjelp.

  • Det internasjonale fondet for jordbruksutvikling (IFAD – International Fund for Agricultural Development) er ein FN-organisasjon som finansierer prosjekt for å auke matproduksjonen i utviklingsland.

Berekraftig utvikling – ein viktig FN-strategi

Berekraftsmåla til FN er verda si samla arbeidsplan for å utrydde fattigdom, nedkjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Det er 17 mål totalt og alle byggjer på prinsippet om berekraftig utvikling. Berekraftig utvikling handlar om å ta vare på behova til menneska som lever i dag, utan å øydeleggje for framtidige generasjonar. Berekraftsmåla erstatta FN sine tusenårsmål i 2015, og gjeld alle medlemslanda (ikkje berre u-landa).

I FNs berekraftsmål 2 heiter det: «Utrydde svolt, oppnå matsikkerheit og betre ernæring, og fremje berekraftig landbruk.» Landbruks- og matdepartementet (LMD) har koordineringsansvaret for å følgje dette berekraftsmålet, og er omtalt Prop. 1 S (2017–2018). 

Berekraftsmål 2 blir implementert  gjennom FAO, WFP og IFAD sitt arbeid med matproduksjon og matsikkerheit, og Verdens Helseorganisasjon (WHO) sitt arbeid med mattryggleik, ernæring og helse. Noreg deltar gjennom Direktoratet for utviklingssamarbeid (NORAD) til utvikling av landbruk, fiskeri og havbruk i u-land, og arbeider gjennom Verdens handelsorganisasjon WTO for eit meir rettferdig globalt handelssystem for matvarer. Retten til mat som ein menneskerett har vore styrande for norsk bistandspolitikk.

Matsikkerheit og klimarisiko

Eit fleirtal av klimaforskarane verda over meiner klimaendringane vil kunne føre til svekka global matsikkerheit. Det blir sagt at dei globale versystema kan gi uår i fleire viktige område for matproduksjon samstundes. I dei neste tiåra vil vi kunne oppleve høgare temperaturar, endringar i nedbørsmengder og fordeling, stigande havnivå og auka frekvens av ekstremvær. Dette vil kunne gi auka førekomst av plante- og husdyrsjukdommar, samt negative effektar på fiske og akvakultur. World Risk Report 2018 frå World Economic Forum omtaler dette som eit alvorleg globalt risikoscenario. Vi kan risikere at viktige produksjonsland vil innføre eksportrestriksjonar for å verne eige folk. Resultatet kan bli sosial og politisk uro, større migrasjon og auke fare for nye militære konfliktar. Svekka global matsikkerheit vil difor også kunne ramme rike industriland.

Kva kan Noreg gjere for å betre eigen matsikkerheit?

Klimaendringane vil også kunne føre til endra forhold for matproduksjon i Noreg. Vi kan risikere meir flaum, langvarige tørkeperiodar og ugunstige temperaturendringar. Dei landbrukspolitiske verkemidlane bør difor innrettast mot å stimulere til meir proaktiv klimatilpassing.  

Det aller viktigaste framover blir likevel å ta best mogleg vare på dei ressursane vi har for eigen matproduksjon. I framtida er det ikkje sikkert at vi vil få like stor tilgang til andre land sine matfat.

Kvifor er jordvern så viktig?

Jordvern handlar om å ta vare på jordressursane våre og gjere det mogleg for komande generasjonar å dyrke mat på eigen jord. Berre tre prosent av landarealet vårt er jordbruksareal, inkl. overflatedyrka jord og innmarksbeite. Kommunane har ei viktig rolle i å ivareta nasjonale og regionale jordvernomsyn, sidan dei har hovudansvaret for arealforvaltninga lokalt. Jordloven og plan- og bygningsloven regulerer i dag kommunen sin forvaltning av jordbruksareala. Den reviderte plan- og bygningsloven, har fått fleire verkemidlar for å styrke jordvernet.

Vi viser også til nasjonal jordvernstrategi utarbeida av Landbruks- og matdepartementet, revidert i samband med statsbudsjettet 2019.  

Jordvern i Rogaland

Den nasjonale jordvernstrategien har styrka jordvernet i Rogaland, og er nå forankra i Jordvernstrategi for Rogaland . Hovudmålet er at det ikkje skal gå tapt meir enn maksimalt 400 dekar dyrka mark årleg. Parallelt med jordvernstrategien har vi fått tredje generasjon av Regional plan for Jæren, også eit viktig plandokument for jordvernet. Jæren er den regionen i fylket som har omdisponert mest jordbruksareal. Positivt er det difor nå at jordvernet har auka fokus i kommunane,  slik som til dømes dei jordverngrepa Randaberg kommune gjorde i siste revisjon av sin kommuneplan.

 

Kjelder:

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Verdas matvaredag

16. oktober er verdas matvaredag.  FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) blei stifta 16. oktober 1945, som er bakgrunnen for denne FN-dagen. Det blir markeringar i nærare 150 land over heile verda. Ingen annan FN-temadag blir markert og «feira» i så mange land. Dagen blir solid markert med den globale seremonien i FAO sitt hovudkvarter i Roma  http://www.fao.org/world-food-day/wfd-ceremony/en/.